Hopp til innhold

ØIF sleit seg til to poeng

Arendalittane låg under mot Bækkelaget/NIF til det stod att 15 minutt av kampen.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

TOPPSCORAR: Andre Jørgensen Hofstøl vart toppscorar med åtte mål i sigeren mot Bækkelaget/NIF.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Oslo-klubben leia 12-11 til pause. I andre omgang drog Bækkelaget/NIF ifrå og leia på det meste 20-16. Men ØIF Arendal tok seg saman og snudde kampen det siste kvarteret. Laget vann til slutt 32-29.

Reiste seg

André Jørgensen Hofstøl vart toppscorar med åtte mål. Laget reiste seg dermed etter helgas 19-målstap borte mot Fyllingen.

ØIF Arendal festar med det grepet om 4. plassen i eliteserien. Laget ligg fire poeng føre Fyllingen, som har ein kamp mindre spelt. Drammen, som ligg på tredjeplass, ligg tre poeng føre ØIF, med ein kamp mindre spelt.

Europacup

ØIF Arendal møter serieleiar Haslum i neste serierunde, før dei avsluttar heime mot Runar.

Til helga spelar arendalittane kvartfinale i europacupen borte mot rumenske Stiinta Bacau.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %