Hopp til innhold

«Honningbarna eig verda»

Suksessen held fram for dei seks unge sørlandspunkarane i Honningbarna. I førre veke kom debutplata til «årets urørt». No kosar gruppa seg med ros frå avisene sine plateanmeldarar.

Video Strålande kritikkar for Honningbarna

– Det er veldig kjekt å sjå at vi får litt respons på det vi har gjort, seier organist Mathias Johansson til NRK.no.

VG er ei av avisene som gir Honningbarna god kritikk. «Pønk som det aldri er gjort i Norge før» er dommen frå avisa som gir terningkast fem. Bandmedlemmene går framleis på vidaregåande skule. I fjor kom dei som ein storm på norske festivalscenar. I helga spelte dei på John Dee i Oslo.

«Klikka» på konsert

– Vi var oppe i 5-tida. Vi skulle forsåvidt opp for å ta toget, men vi var oppe fem for å lese aviser. Alle sat som galningar på mobilen og fann fram i aviser. Vi var veldig spente, seier organisten.

Tidlegare i år gjekk bandet til topps i Urørtfinalen. Forrige helg spelte kristiansandarane på Kick i heimbyen, for å markere sitt plateslepp.

– Det er noko anna enn det vanlege kristiansandspublikummet, som gjerne er litt beskjedent og sjenert. Det var noko anna vi var vitne til i helga, seier dei etter suksessen i Kristiansand.

– Kristiansandspublikummet er ikkje akkurat kjende for å «klikke» på konsertar, seier bassist Lars Emmelthun.

Honningbarna

I SKUDDET: Honningbarna les dommen frå avisene etter å ha gitt ut si første plate.

Foto: Reidar Mosland/NRK

Startar turné

Dei to konsertane siste veka er berre starten på ein spennande vår for dei unge musikarane. I tillegg til å gjere ferdig vidaregåande skal dei spele mange festivalar og konsertar i inn- og utland.

– Vi skal til Island, Danmark, Tyskland, Norge.... og Lyngdal, ler dei.

I Lyngdal startar bandet ein to-vekers lang turné i Sør- og Midt-Norge nord til Trondheim. Ifølgje Adresseavisen sin anmeldar «varer kanskje ikkje bandet evig, men i år eig Honningbarna verda».

Anmeldar i NRK P2, Svein Terje Torvik, meiner Honningbarna sitt debutalbum er ein kommande norsk punkrock-klassiker, og at dei har eit scenetekke som gjer at dei blir eit sikkert kort som publikumsmagnet i årane som kjem.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %