Hopp til innhold

Sa seg skuldige i alvorleg valdssak

To desperate ranarar tok seg inn i huset til ei eritreisk kvinne og mishandla henne i fleire timar. Tysdag starta rettssaka mot dei to.

Alf Åmund Breive, Kari-Esther Selvaad Høgevold og Dennis Danielsen

RETTSSAK: To personar står tiltalt for grov vald mot ei 39 år gammal kvinne. Til venstre i bilete ser du bistandsadvokat Alf Åmund Breive, i midten bistandsadvoktane til den 39 år gamle kvinna, Kari-Esther Selvaad Høgevold og aktor Dennis Danielsen.

Foto: Eirik Damsgaard/NRK

I Kristiansand tingrett sa dei to seg skuldig eller delvis skuldig på dei alvorlegaste tiltalepunkta. Dei er tiltalt for både ran, vald, kidnapping og for å ha mishandla ei kvinne seksuelt.

Den 39 år gamle kvinna vart grovt mishandla i Grimstad i fjor. Ifølgje tiltalen vart ein pistol stukke i munnen hennar og trukke av gjentekne gonger. I tillegg vart ho misbrukt seksuelt.

Vill biljakt

– Eg trudde eg skulle døy. Eg ba til Gud for å få hjelp, sa kvinna frå sjukesenga til TV2.

Kvinna hadde akkurat komme heim frå kyrkja då to personar tok seg inn i leilegheita hennar i Grimstad. Dei to var på flukt frå politiet etter ei vill biljakt og ei rekkje andre alvorlege lovbrot tidlegare på dagen.

Den 35 år gamle kvinna ba om å få låne toalettet før den maskerte 34-åringen kom inn i leilegheita.

Kvinna vart slått, sparka og krevd for pengar. Valden vart grovare og grovare og det vart avfyrt to skot mot kvinna. Den andre kula streifa handa til kvinna. I tilsaman fire timar var dei to heime hos kvinna.

Mishandlet kvinne i Grimstad

MISHANDLA: Her vert den 39 år gamle kvinna køyrd til sjukehus. (Arkivfoto)

Foto: Baard Larsen

Nekta for valdtekt

Dei to tiltalte sa seg berre delvis skuldig på fleire av tiltaltepunkta fordi dei ikkje kjende seg att i detaljane rundt valdshandlingane. 34-åringen nekta blant anna for valdtekta.

Den 34 år gamle mannen vart arrestert kort tid etter då bilen dei to køyrde krasja i Grimstad sentrum. Kvinna rømte frå staden, men vart arrestert seinare på kvelden.

I tillegg til vald mot den eritreiske kvinna er dei to tiltalt for å ha truga med å skyte to menn i Sørlandsparken. Mannen heldt pistolen mot bakhovudet til ein av dei med fingeren på avtrekkjaren.

Det er sett av fire dagar til saka i Kristiansand tingrett.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %