Hopp til innhold

Norsk skule lenka til pornonettstad

Kristiansand International School sitt namn er knytt til ei pornoside på nettstaden Youtube. Barne- og ungdomsskulen likar dette særs dårleg og vil gjere det dei kan for å få det fjerna.

Skule lenka til pornonettstad

PORNOSIDE: Frå videoen på Youtube, som har namnet til skulen i tittelen, er det lenke direkte til ein pornonettstad.

Foto: Skjermdump: Youtube - Montasje: Sander Heggheim/NRK

– Eg kan ikkje forstå at nokon kan gjere dette. Dei må vere ganske sjuke i hovudet når dei brukar tid på dette, seier rektor ved skulen, Sonya L. Eriksson til NRK.no.

Rektoren var ikkje klar over videoen, som viser lettkledde damer og lenkar vidare til ein pornonettstad, då NRK.no tok kontakt. Rektoren er rysta over at nokon har knytt skulen sitt namn til porno.

Profesjonelle

– Eg skulle gjerne ha komme i kontakt med dei som står bak dette. Dette er definitivt ikkje noko skulen står bak, seier rektoren.

– Eg kan førestille meg at det er profesjonelle som står bak, og som også har brukt andre sine namn til det same. Kanskje har dei gjort det same med hundre eller tusenvis av andre. Eg veit ikkje, seier ho.

Rektoren ved skulen vil no ta saka opp med Kristiansand kommune for å prøve å få det heile fjerna frå Youtube.

– Eg vil få kommunen til å sjå på dette og sjå om det er mogleg å få dette fjerna, og om det er mogleg å få dette blokkert slik at ein kan unngå dette i framtida, seier Eriksson.

Pornolenke

GOOGLE-TREFF: Lenka til Youtube-videoen kjem høgt opp når du søkjer etter skulen på Google.

Foto: Skjermdump: Google.no

– Trur alle vil forstå

– Sidan det har skjedd på min skule er eg sikker på at det også har skjedd på andre skular. Ein burde nok sjekke om også andre skular er lenka til denne nettstaden, seier ho.

Ho trur ikkje tidlegare studentar står bak. Sonya L. Eriksson trur heller ikkje at saka vil ha noko å bety for skulen.

– Om du søkjer etter skulen på Google får du opp andre lenker som går direkte til vår nettstad med seriøs informasjon. Eg trur alle vil forstå at denne lenka ikkje har noko med skulen vår å gjere, seier ho.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %