Hopp til innhold

Kreftene tok slutt for ØIF

ØIF Arendal leia 12-11 til pause i semifinalen i sluttspelet mot Elverum. Men i andre omgang gjekk spelarane tomme, og Elverum vann og gjekk vidare til

Leif Gautestad, ØIF Arendal

SKUFFA: ØIF-trenar Leif Gautestad måtte innsjå at ØIF Arendal ikkje var gode nok til å slå Elverum i semifinalen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Først og fremst står Elverum distansen heilt ut. Dei har ein breiare tropp. Når dei har friske spelarar å setje inn har ikkje vi det per dags dato, seier ØIF-trenar Leif Gautestad til NRK.no.

Skadeplaga

Før kampen var det klart at Knut Martin Johnsen ikkje kunne spele på grunn av skade. Strekspelar Håvard Augensen var tvilsam på grunn av ein ryggskade. I tillegg pådrog Terje Østerhus seg ein skulderskade på oppvarminga, som gjorde at han ikkje kunne spele angrep.

– Det vert stor veksel på André Jørgensen Hofstøl og Eirik Heia Pedersen. Dei vert slitne. Når dei vert det får vi ikkje den utteljinga vi ynskjer offensivt, og Elverum får kontre. Då vert det vanskeleg å stå imot, seier trenaren.

André Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

TØFT: Andrè Jørgensen Hofstøl var ein av fleire ØIF-spelarar som gjekk tom for krefter mot slutten av kampen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Bittert

Også i fjor vart det tap i semifinalen for ØIF Arendal under sluttspelet i Drammenshallen.

– Det er klart det er veldig bittert å ryke ut, men slik er det. I dag var vi ikkje gode nok i andre omgang, seier kantspelaren David Rui, som fekk gjennombrotet sitt for ØIF i Drammenshallen i fjor.

– Men vi skal vere nøgde. Vi har hatt ein god sesong både i serien og i europacupen, seier Rui og får støtte av sjefen.

– Vi nådde målsettjinga om å komme til sluttspelet. Likevel er det sjølvsagt bittert å ikkje komme til finale når vi var så nær. Men alt i alt har vi hatt ein god sesong, seier Gautestad.

I finalen i sluttspelet møter Elverum anten Drammen eller seriemeister Haslum.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %