Hopp til innhold

Gautestad vil forsterke laget

ØIF Arendal-trenar meiner laget på styrkast dersom dei skal klare å utfordre dei beste laga i eliteserien.

Leif Gautestad, ØIF Arendal

SPELARJAKT: Leif Gautestad måtte skuffa innsjå at eit ungt ØIF-mannskap vart for svake mot Elverum i semifinalen i sluttspelet. Gautestad vil forsterke laget inn mot neste sesong.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Skal vi ta steget opp må vi ha fleire spelarar som presterer og som vert topp eliteseriespelarar, seier Gautestad til NRK.no.

I semifinalen i sluttspelet tapte ØIF Arendal 28-23 mot Elverum. Skader på sentrale spelarar som Terje Østerhus og Knut Martin Johnsen gjorde at ØIF sine nest beste måtte i aksjon.

Fleire usikre

– Det tek tid for David Svenningsen, Simen Aanjesen og desse gutane å levere mot dei aller beste i Norge, seier trenaren.

Med fredagens semifinaletap er sesongen over for Gautestad sitt mannskap. Fleire spelarar tel på knappane om dei skal vere med neste sesong.

– For min del vert det truleg avklara i neste veke, seier Knut Martin Johnsen.

Frå før er det klart at strekspelar Håvard Augensen gir seg i ØIF-trøya.

– Vi må ha ein erstattar for Augensen. Så bør vi ha ein eller to spelarar til. Vi risikerer også å miste nokre av våre eigne. Vi bør ha tre nye spelarar inn, seier han.

Simen Aanjesen, ØIF Arendal

FRAMTIDA: Simen Aanjesen var ein av mange unggutar som fekk mykje speletid i semifinalen mot Elverum i Drammenshallen fredag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Held ikkje medaljenivå

Årets sesong enda med 4. plass i serien og semifinale i sluttspelet. Det vil seie identisk med fjorårets debutsesong i eliteserien.

– Vi har ein stall som er talentfull og lovande, men alle held ikkje medaljenivå i eliteserien. Det er det vi strevar etter og vert målt etter, seier Gautestad.

ØIF-trenaren meiner det er for tidleg å setje mål for neste sesong allereie no.

– Vi må sjå kven vi får inn og kven som sluttar. Når vi kjem til august er det nok lettare å sjå kva vi skal sikte mot, seier han.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

FEKK PENGEPREMIE: André Jørgensen Hofstøl tok imot ein sjekk på 30 000 kroner etter semifinaletapet mot Elverum fredag.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %