Hopp til innhold

– Vil gå hardt utover sjuke barn

Verneombodet på barneavdelinga i Arendal fryktar store konsekvensar dersom barnelegen ikkje skal vere tilstades på natt og i helgar.

Barnesenter Arendal sykehus
Foto: NRK

– Dei sjukaste vil få ein lengre veg når dei må til Kristiansand. Det vil nok ramme spesielt familiar med kronisk sjuke barn sidan dei er oftare innlagde, seier verneombod ved barneavdelinga på sjukehuset i Arendal, Maria Berit Johannessen til NRK.no.

– Dei vil få det mykje tøffare enn dei har det i dag, legg ho til.

Fryktar konsekvensane

I tillegg peikar ho på fleire konsekvensar dersom det ikkje vil bli barnelege tilstades på natt og i helgar på sjukehuset i byen i framtida.

– Vi vil bli færre på vaktene både på kveld, natt og i helgar. Kanskje også på dagvaktene. Det vil føre til ytterlgare belasting på pleiepersonellet hos oss, seier ho.

Forslaget om å kun ha heimeverande barnelege i helgar og på nattestid skal behandlast av sjukehusstyret i juni. Grunngjevinga for å gjere dette er for å spare pengar.

– Lite pengar å spare

Men verneombodet, som har jobba som spesialsjukepleiar i snart 20 år, trur ikkje økonomi er motivet denne gangen.

– Vi ser eit bilete der barneavdelinga gradvis vert redusert bit for bit. Det er heilt tydleg at barneavdelinga i Kristiansand ynskjer å bli større og få flest mogleg barn dit, seier Johannessen.

– Vi trur ikkje lenger at økonomi er hovudårsaka, men det å få eit stort barnesenter i Kristiansand. Det vil også bli ein del transportkostnader då barna må flyttast. Eg trur ikkje det er så mykje å spare på dette eigentleg, seier ho.

Video Sykehusfrykt

VIDEO: Forslaget om at heimeverande barnelege ved barneavdelinga i Arendal, skal behandlast i juni. (Arkiv)

Fryktar nedbyggjing

Verneombodet trur at forslaget vil gi store konsekvensar også på lang sikt, dersom det går gjennom i juni.

– Vi er redde for at avdelinga framleis blir redusert bit for bit, og at det til slutt kun vil bli ein poliklinikk hos oss, seier ho.

– Dette går første og fremst utover barna og familiane, men også pleiepersonellet. Vi har veldig mange dyktige pleiarar med høg kompetanse. Vi merkar no at ein del av dei er i ferd med å sjå seg om etter arbeid andre stader, legg Johannessen til.

Striden rundt barneavdelinga i Arendal blir ei ekstraordniær sak i Arendal bystyre torsdag kveld.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %