Hopp til innhold

Slo barna sine til blods

Ein 46 år gammal mann frå Vest-Agder er dømd til fengsel for grov vald mot sine eigne barn. Valden, trugslane og mishandlinga skjedde i perioden 2002 til 2011.

Mannen er no dømd til fengsel i eitt år og ni månader. I tillegg må han betale 380 000 kroner i oppreising til dei seks barna og kona. Det yngste barnet er sju år gammalt, medan det eldste er 21 år.

Blant anna vart eitt av barna nekta å reise til utlandet på skuletur. Barnet ville likevel vere med på å selje dopapir, som skulle finansiere skulturen. Då faren fann dopapir utanfor huset vart han sint fordi barnet ikkje hadde sagt noko om det. Han reagerte med å slå barnet sitt med knyta hand i ryggen.

Slo med baseballkølle

I Lister tingrett fortalde barna om at dei har blitt slått med både belte, grillspyd og baseballkølle. I tillegg skal to av barna ha blitt «klapsa» hardt i ansiktet, i samband med at dei ikkje gjorde lekser.

Barna vart også slått når dei kom heim frå skulen med dårlege karakterar. Barna måtte halde hendene føre seg med handflata opp. Faren slo så hendene gjentekne gonger ved bruk av vedskie, eller enkelte gonger med balltre.

I retten forklarte mannen, som er av utanlandsk opphav, at han sjølv hadde blitt straffa på same måte i opphavslandet. Han forklarte at han såg på fysisk straff som eit godt middel for å få barna til å lære best mogleg, og få beste mogleg karakterar på.

Kasta spiss gjenstand i panna

Då to av barna skulle lærekøyre vart dei slått når dei gjorde feil. Dei vart til og med slått når bilen var i fart. Ved eitt høve byrja det eine barnet å blø naseblod.

I 2003 hadde det eine barnet vore i eit bursdagsselskap hos ein nabo. Faren meinte at barnet «hadde vore for lenge borte». Han reagerte med å slå barnet så hardt i magen at det besvimte.

I samband med ein fotballkamp, då eitt av barna gjekk i 5. klasse, kasta mannen ein spiss gjenstand mot barnet når dei kom heim. Barnet har i dag arr etter episoden. Faren hevdar at han ikkje hugsar denne episoden.

I retten forklarte faren at han er oppteken av fysisk fostring, og at barna må gjere øvingar kvar morgon. Ved eitt høve sluntra eitt av barna unna treninga. Barnet vart då tvinga til å gå ut av huset, barbeint og utan ytterklede i ti minusgrader.

Hadde ingen vener

Barna forklarte i retten at dei var engstelege og redde for faren. Dei var som regel på romma sine, for å unngå å bli utsett for vald. Det eldste barnet måtte alltid opphalde seg i nærleiken av huset og hadde ingen vener.

– Retten legg til grunn at dei alle har vore utsett for vald, og at dei over lang tid har levd i frykt for vald. Dei har sett andre familiemedlemmer bli utsett for vald, heiter det i dommen frå Lister tingrett.

– Det dreiar seg om små barn. I forhold til desse føreligg ein betydeleg risiko for langtidsskade, meiner retten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,65 kr
Dyrest kl. 20 1,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %