Hopp til innhold

– Kunne øse fisken opp med spade

Rolf Larsen frå Kristiansand var ute for ei spesiell fiskeoppleving då han var på jobb i sjøkanten.

Video - Kunne øse fisken opp med spade

VIDEO: Sjå videoen med sei som hoppar. Foto: Rolf Larsen

– Eg var på jobb for å teste noko utstyr. Så såg vi at det byrja å hoppe litt i vasskorpa. Vi gjekk ned for å sjå, og det tok jo berre heilt av etterkvart, seier Rolf Larsen til NRK.no.

– Først var det makrell som kom inn, så kom det store sei som byrja å hoppe, legg han til.

– Kunne øse opp med spade

Det var for rundt ein månad sidan Larsen var vitne til fiskehoppinga. Etterkvart kom det ivrige fiskarar til.

– Det var ein der som skulle fiske sjøaure. Han vart overvelda då han såg dette. Etterkvart kom fleire for å fiske. Dei fiska sei med fluge. Du kunne jo ha på kva som helst, du fekk fisk uansett. Du kunne øse fisken opp med spade, fortel han.

– Nokre av dei hoppa på land. Det heile pågjekk i 3-4 timar, seier han.

– Har du opplevd liknande tidlegare?

– Dette må vere noko av det tøffaste eg har sett. Viss du skal fiske må dette vere måten å gjere det på, seier han.

– Ikkje uvanleg

Larsen anslår at dei fleste fiskane var på mellom 1 kg og 1,5 kg.

– Viss eg ikkje hadde vore på jobb hadde eg teke med meg heim, seier han.

Espen Johnsen ved Havforskningsinstituttet fortel at seien truleg er på jakt.

– Dette viser truleg ein seistim som angrip småfisk langs land. Det er litt vanskeleg å sjå kva fisk dette er, men basert på rapportar frå sørlandskysten har ein sett mykje småtobis i vassmassanei og når ein ser at makrellterna heng over vassflata og går i stup, seier han.

– Kor vanleg er det å sjå slikt?

– Det er ikkje uvanleg at ein ser sei angripe på den måten, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 01 1,06 kr
Dyrest kl. 07 1,25 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %