Hopp til innhold

– Var fly forbanna då eg såg dei stele frå svigermor

Kenneth Robstad sette opp skjult kamera då han hadde mistanke om at heimehjelpene stal pengar frå svigermora hans. No har to heimehjelper fått sparken.

Kenneth Robstad

SINT: Kenneth Robstad avslørte to heimehjelper i å stele pengar frå svigermora.

Foto: Sandra Mørkestøl/NRK

Kennet Robstad

AVSLØRT: Kenneth Robstad studerer overvakingsbileta der to heimehjelper vart filma då dei tok pengar frå svigermora til Robstad.

Foto: Sandra Mørkestøl/NRK

– Det starta med at pengane gjekk veldig fort. Vi tenkte ikkje så veldig mykje på det før det forsvann eit større pengebeløo. Då byrja vi å loggføre, seier Kenneth Robstad til NRK.no.

I tillegg kjøpte han inn eit kamera som han monterte i stova til svigermora si leilegheit i Kristiansand.

Vil ha strengare kontrollar

– Eg brukte eit standard overvakingskamera og spelte dette inn. Eg plasserte det på veggen. Det var relativt synleg, men det var eit kamuflert kamera, seier han.

I eit par månader overvaka han aktiviteten i stova.

– Det viser to personar som heilt uavhengig av kvarandre og målbevisst går direkte opp i veska til svigermor og forsyner seg. Eg vart fly forbanna då eg såg dette, seier han.

Han er imponert over oppfølgjinga av saka frå politiet si side.

– Vi informerte først kommunen. Så gjekk vi til politiet. Dei reagerte veldig raskt. I løpet av to dagar hadde dei gjort det dei skulle med saka. Eg er imponert over kor raskt det gjekk, seier han.

Video Heimehjelparar stal frå pasient

VIDEO: Her er ein av pleiarane i ferd med å stele frå veska til den eldre kvinna.arar stal frå pasient

Vil ha strengare kontrollar

Han fryktar omfanget av tjuveri er større enn ein trur. Difor ber han kommunane om kontrollere heimehjelpene betre.

– Eg trur omfanget er veldig stort. I førre veke var det ei sak i Danmark der dei også hadde teke opptak. Danskane meinte at dei tok ein heimesjukepleiar i veka. Det fortel kanskje at kontrollane og sannsynet for å bli oppdaga er veldig liten, seier svigersonen.

Petter Sandell

VIDEOOPPTAK: Petter Sandell i Agder-politiet fekk ein enkel jobb med å ta dei to pleiarane når han fekk videoopptaka frå Robstad.

Foto: Jan Inge Thomassen / NRK

– Det går å auke sannsynet for å bli oppdaga. Desse folka har så stor tillit ute i samfunnet at eg tykkjer det blit litt på kanten at du skal måtte henge opp eit kamera og at du eigentleg skal måtte mistru dei, seier han.

Får skryt

Både politiet og helse- og sosialdirektøren i Kristiansand skryt av Robstad som sette opp kamera for å avsløre mistanken om at heimehjelparane stal pengar frå svigermora.

– Desse bileta gav svar på dei spørsmåla dei hadde. Når politiet etterforska dette var det rimeleg klart kva som hadde skjedd, seier Petter Sandell i Agder-politiet.

– Det er klart at det er kjempeviktig at ein også dokumenterer. Dette tykkjer eg var ein framifrå måte på gjere det på, seier helse- og sosialdirektør i Kristiansand, Lars Dahlen.

null
Spiller nå
Er bunaden din klar til 17. mai? 01:30
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,62 kr
Dyrest kl. 08 1,18 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Apr 2023 – apr 2024
    + 6,8 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %