Hopp til innhold

Avviser Mjelde-rykter

Administrerande direktør i Start, Sveinung Hovstad, nektar for at tidlegare Brann-trenar Mons Ivar Mjelde har skrive under ei kontrakt med klubben.

Mjelde til Start?

START-AKTUELL? Mons Ivar Mjelde har blitt linka sterkt til Start den siste tida. Start-direktør Sveinung Hovstad avviser at Mjelde har skrive under for klubben. På Wikipedia har nokon skrive at Mjelde blir Start-trenar frå 2. august.

Foto: Scanpix - Montasje: Sander Heggheim/NRK

Video Sveinung Hovstad

AVVISER: Sveinung Hovstad avviser at klubben har signert ein ny trenar. (Arkivfoto)

Foto: Nyhetsspiller
Mons Ivar Mjelde

TIL START?: Mons Ivar Mjelde har vore trenar i både Brann og Bryne.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

NRK.no har fått fleire tips om at Mjelde har skrive under med sørlandsklubben.

I tillegg har nokon skrive på Wikipedia har Mjelde blir Start-trenar frå 2. august, og at han har skrive under ei 2,5 års kontrakt, noko ein kanskje bør ta med «ei klype salt». Hovstad skal også ha vore i Bergen - truleg for å møte Mjelde.

– Niks

– Eg kan ikkje seien noko om dette. Eg kommenterer aldri spelarar eller trenarar som er på veg inn eller ut, seier Hovstad til NRK.no.

– Har Mjelde skrive under for Start?

– Niks, svarar Hovstad.

– Er Mjelde ein aktuell trenarkandidat for Start?

– Vi jobbar med fleire namn, og kjem ikkje til å seie noko før noko er klart, seier han.

Før haustsesongen

Hovstad avviser også at Start har skrive kontrakt med nokon på noverande tidspunkt.

– Nei, vi jobbar framleis med det, seier Hovstad.

Tidlegare har Hovstad sagt at klubben vil ha ein ny trenar på plass før haustsesongen tek til 17. juli.

Inntil vidare er det Frode Fredriksen som leiar laget saman med Erik Ruthford Pedersen.

NRK.no har prøvd å få kontakt med Mjelde utan å lukkast. Mjelde er no trenar i 3. divisjonsklubben Valestrand Hjellvik.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %