– Eg trur det viktigaste er å få folk til å forstå at dei må seie ifrå kva dei vil. Det er ein del som ikkje heilt veit korleis dei skal få stemt. Vi tykkjer det er veldig viktig å bevare Aust-Agder og at ein nyttar stemmeretten sin, seier Randi Eikeland i nei til eitt Agder.
- LES: Vil ha eitt Agder
I samband med valet skal det også haldast folkeavstemming i Aust-Agder. Spørsmålet er om innbyggjarane i fylket vil slå seg saman med Vest-Agder. Vest-fylket har allereie sagt ja til å slå seg saman med Aust-Agder.
– Vi er på stand kvar helg og vi har sendt mange mail, skriv i avisa og har informasjonsmateriell klart for å informere best mogeleg, seier ho.
Sterkare saman
Marianne Rodvelt står på motsett side og ynskjer eitt Agder-fylke i framtida.
– Vi køyrer full mobilisering. Vi ser at nei-sida er i føringa førebels, men vi har fått mange tilbakemeldingar frå standane våre denne helga om at folk har snudd etter å ha drøfta argumenta, seier Rodvelt.
Ho meiner at regionen vil stå sterkare ved å slå saman fylka til eitt Agder.
– Agder treng større politiske musklar og gjennomslagskraft nasjonalt. Det har stor betydning for våre liv her på Sørlandet. Det er viktig å få mobilisert interessa for spørsmål om fylkessamanslåing, seier Rodvelt.
Vil stemme nei
Arendalittane Jan Tore Kårby og Liv Anita Røkke er klare på at dei ikkje vil ha noko av ei fylkessamanslåing.
– Eg tykkjer ikkje at Arendal skal slå seg saman med dei andre fylka i det heile. Eg vil bevare Arendal slik det alltid har vore. Eg kjem til å stemme nei, seier Kårby.
– Eg er einig med han. Eg ville ha sagt nei. Eg hadde ikkje tenkt å stemme, men eg trur eg skal gjere det no, seier Røkke.
– Det er ingen som vil leggje ned Arendal, men vi vil ta vare på moglegheitene vi har. Eitt Agder er den beste moglegheita for det. Då får vi ein balanse mellom Kristiansand og Arendal. Eitt fylkesting vil ha som oppgåve å skape ei balansert utvikling i landsdelen. Slik er det ikkje i dag, seier Rodvelt.
Fryktar Aust-Agder vil tape
Det er ikkje nok til å overtyde Jan Tore Kårby.
– Det vert mykje meir å halde styr på. Dei som skal styre får mykje meir å halde styr på ved ei samanslåing. Då tapar Arendal, fryktar han.
Randi Eikeland i nei-aksjonen deler den bekymringa.
– Eg tykkjer det er ei reell frykt. Vi skal samarbeide og Sørlandet er viktig for oss. Eg har budd både i Vest-Agder og Aust-Agder, men eg er oppteken av at Aust-Agder skal utvikle seg, men eg trur vi kan gjere det minst like godt med to fylke, seier Eikeland.