Hopp til innhold

Spelarane er budde på oppseiingar

Start-spelarane er spent før kveldens styremøte i klubben. Styret skal avgjere korleis dei skal komme i hamn med økonomien. Det kan ende med oppseiingar i spelarstallen.

Espen Hoff

STYREMØTE: Espen Hoff og resten av Start-troppen får i kveld svar på om det blir aktuelt med oppsigelsar i klubben.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Konsekvensen er vi klar over kan komme dersom ein ikkje får økonomien til å gå opp. Slik er det i alle bedrifter. Det er den yttarste konsekvensen, men som vi sjølvsagt håpar å unngå, seier Espen Hoff, som er spelarane sin talsmann.

Start-direktør Sveinung Hovstad har levert si innstilling til styret. Der er oppseiingar eitt av alternativa etter at ein ikkje var einige med spelarane om eit lønnskutt.

Spelarane informert

Video Sveinung Hovstad

INNSTILLING: Administrerande direktør Sveinung Hovstad har levert si innstilling til Start-styret.

Foto: Nyhetsspiller
Mons Ivar Mjelde

VIL STYRKE: Mons Ivar Mjelde vil ha inn 3–4 nye spelarar før sesongstart. No står han i fare for å miste spelarar på grunn av økonomien.

Foto: Øivind Eskedal / NRK

Økonomien har prega sørlandsklubben dei siste vekene. Administrasjonen har jobba intenst med å få budsjettet til å gå opp.

– Vi gjer oss vel ikkje så mange tankar om kva som kjem ut av styremøtet i verste fall. Vi får berre vente å sjå, seier Hoff.

– Vi er godt nok informert og veit kva som eventuelt kan komme, legg han til.

Per dags dato har Start berre 14 spelarar på kontrakt. Det betyr at klubben må jakte billege erstatningar for spelarar som eventuelt ikkje får bli med vidare etter kveldens styremøte. Difor meiner Start-spelaren at det er viktig å få ei avklaring på situasjonen.

– Tung prosess

– Det har vore ein ganske tung prosess vi er inne i. Men eg føler vi har klart å halde fokus på trening. Men det er klart det tappar energi både hos oss spelarane og hos dei som leiar prosessen, seier Hoff.

Start-spelarane håpar sjølvsagt at ein unngår oppseiingar og finn andre måtar for å få økonomien i hamn.

– Det er klart at treningane er prega av at vi er litt få. Sjølvsagt er ikkje det optimalt. Vi ynskjer jo å få sett laget og troppen så raskt som mogleg. Det trur eg er eit ynskje både for oss i spelargruppa og styret. Det er årsaka til at vi prøvar å finne ei løysing slik at vi blir ferdige med dette, seier han.

Jaktar nye spelarar

Søndag sa trenar Mons Ivar Mjelde at han vil styrke stallen inn mot seriestart. Samstundes var han klar over at han kan miste spelarar på grunn av den dårlege økonomien i klubben.

– Vi skal ha 3–4 mann inn. Vi bør det for at denne troppen skal vere komplett. Så må vi helst ikkje miste så mange heller då, dersom det skal halde med 3–4 stykk, sa Mjelde.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %