Har framleis ikkje fått ny celle

DELER CELLE: Tjostolv Moland (t.v.) og Joshua French har ikkje fått ei eiga celle etter at dei vart flytta til eit fengsel i Kinshasa i Kongo. Dei to fortel om særs tøffe forhold i fengselet.
Foto: Junge, Heiko/SCANPIXTjostolv Moland og Joshua French deler celle med fleire fangar. UD jobbar med å flytte dei to til ei eiga fengselscelle, men har framleis ikkje lukkast. Nordmennene seier dei vert utsett for vald og psykisk terror.
Publisert 14.02.2012 17:07. Oppdatert 14.02.2012 17:13.
- Skriv ut

BLIR PRIORITERT: Pressekontakt i UD; Kjetil Elsebutangen seier at Kongo-saka er høgt prioritert i UD.
NRK– Vi har teke opp dette i vår kontakt med kongolesiske styresmakter. Det er klart at det vil vere eit naturleg samtaletema i vår kontakt med dei to nordmennene, seier han.
Mishandla og banka
I førre veke sa advokaten til dei to nordmennene, Morten Furuholmen, at Moland og French blir mishandla og banka opp av både medfangar og vakter. Samstundes kravde han statsminister Jens Stoltenberg må gripe inn i saka.
– Situasjonen har blitt alarmerande verre etter at dei vart overflytta til Kinshasa. Eg hadde håpa på ei snarleg avklaring etter flyttinga, men no fryktar eg at saka kan hamne i ei dødssone, sa Furuholmen.
Han viste blant anna til eit brev der Moland og French skriv at dei blir banka, håna og trakassert av medfangar. Dei skriv at dei blir utsett for rasisme og at ein av dei vart biten i fingeren heilt inn til beinet.
– Dette er alvor
– Når Joshua skriv hjelp fleire gonger i brevet, så er dette alvorleg. Desse gutane toler mykje, men dette er alvor, sa mor til Joshua French, Kari Hilde French på pressekonferansen i førre veke.
På nytt påpeikar UD at saka er høgt prioritert. Dei to dødsdømde nordmennene har site fengsla i Kongo i snart tre år.
- SJÅ: Meir om Kongo-saka
– Denne saka har vore høgt prioritert frå den norske utanrikstenesta heilt sidan den starta, seier Elsebutangen til NRK.no.

KONGO-FENGSEL: Tjostolv Moland sit fengsla i Ndolo-fengselet i Kinshasa.
FNNordmenn dømt til døden i Kongo
- – Dei ser uforskamma godt ut
- Kongo-fangene skifter ut advokaten
- Ingen løfter om Moland og French
- Gjør nytt forsøk på Kongo-megling
- Moland og French fikk fransk hjelp
- Tror Moland og French må kjøpes fri
- Jul i Kongo for Moland og French
- Høyre kritiske i Kongo-saken
- Tek Kongo-saka til parlamentet
- Fekk brev om Kongo-saka
- Jobbar på fleire spor i Kongo-saka
Siste: Sørlandet
Satt fastklemt i bil etter ulykke - Mange bekymringsmeldinger
- Kjørte inn i autovernet
- Ikke sommer enda
- Døde av skadene etter brann
- – 17-åringen er utenfor livsfare
- – Jeg skal nyte det
- Film om Arendalsbanen vises på NRK
- Strålende pinsevær
- Over 20.000 lynnedslag
- Kraftige lynnedslag på Sørlandet
- 9-åring funnet i god behold
- Fallulykke i Kristiansand
- Får ikke spillemidler fra Aquarama
- Brann på Slettheia
- Vil ha svar fra kommunen
- Skal ro fra Kristiansand til Island
- – 17. mai er bedre enn sydentur
- Se bilder fra 17. mai-feiringen
- 17.mai-feiring på Sørlandet

















