Hopp til innhold

Arresterte etterlyst mann i Kragerø

Politiet i Kragerø pågreip søndag kveld tre menn i Kragerø. Politiet har jakta på ein av dei på Sørlandet gjennom heile søndag. 22-åringen var etterlyst etter skytinga på open gate i Oslo tysdag. Dermed har politiet pågripe seks personar tilsaman.

Væpna politiaksjon i Arendal

VÆPNA POLITI: Store politistyrker er ute i Arendal.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Vi har arrestert tre personar i Kragerø i samband med aksjonen som har pågått på Sørlandet. Detaljar i saka kan eg ikkje uttale meg om, seier operasjonsleiar Erik Nordal i Telemark politidistrikt til NTB.

Politiet veit førebels ikkje om dei to andre kan knytast til skytinga i Oslo.

Følgde etter på E18

– Det torer eg ikkje å svare på no. No vert dei transportert til Skien, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Ove Austenaa til NRK.no.

Politiet følgde bilen til dei tre på E18, før dei altså vart arrestert i Kragerø søndag kveld. Politiet har no avslutta aksjonen.

Allereie søndag føremiddag sette politiet i Agder i gang leiting etter mannen. Åtte timar seinare vart altså mannen arrestert i Telemark.

Var etterlyst

– Vi fekk melding om ein bil som køyrde uforsvarleg i arendalsområdet søndag morgon. Ei patrulje som var på jobb fekk stoppa bilen, seier informasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Terje Pedersen til NRK.no.

– Under ein kontroll av personalia vart det avdekt at personen var etterlyst, seier informasjonsleiar ved Agder politidistrikt, seier han.

Politiet prøvde å arrestere mannen på staden, men mannen kom seg unna. Det var ikkje våpen involvert.

Få timar seinare vart bilen til mannen observert i eit bustadområdet. Her gjekk politiet til aksjon.

Aksjonerte mot to hus

– Huset var tomt. Opplysningar vi har fått førte til at vi aksjonerte mot endå eit hus. Vedkommande som er etterlyst var ikkje til stades, men tre andre personar er arrestert, seier han.

Politiet har no sjekka desse tre ut av saka.

Politiet vill ikkje kommentere kor stor mannskap dei har i jakta på mannen, men sette ut postar med politifolk fleire stader i Arendal. Politiet valde raskt å væpne seg i aksjonen.

– Det er ganske openlyst i forhold til at dette er ein person som er pågripelsesbeslutta i Oslo for overtredelse av våpenlova. I det ligg det at han har hatt omgang med våpen, som ikkje er slik det skal vere, seier han.

Skyting i Oslo

SKYTING: Personen som politiet jakta har vore etterlyst i fleire dagar etter skyting i Oslo tysdag kveld. (Arkivfoto)

Foto: Sørbø, Krister / SCANPIX

Våpendrama

Det var tysdag i førre veke at politiet fekk melding om skyting i krysset i St. Olavs gate/Wergelandsveien i Oslo. To personar vart arrestert kort tid etter. To dagar seinare vart ytterlegare to personar arrestert. Dei fire er alle i 20–30 års alderen og er norske statsborgarar.

Politiet sa etter den siste arrestasjonen at dei venta fleire pågripingar i saka.

– Vitne har sagt at det til saman var fleire enn fire personar. Difor ser vi føre oss at det blir fleire pågripingar dei næraste dagane, sa etterforskingsleiar ved Manglerud politistasjon til NRK.no på torsdag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Er bunaden din klar til 17. mai? 01:30
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,62 kr
Dyrest kl. 08 1,18 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Apr 2023 – apr 2024
    + 6,8 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %