Hopp til innhold

Tilstanden stabil for 79-åring

Ein 79 år gammal mann køyrde av vegen og hamna på taket ved Søre Herefoss i Birkenes.

Trafikkulykke i Birkenes

ULYKKE: Politiet veit ikkje korleis bilen hamna utanfor vegen og på taket. Den 79 år gamle mannen skal ha ligge i opp mot to timar på isen like ved bilen før han fekk hjelp.

Foto: Line Oftedal Pedersen/NRK

Ifølgje fvn.no skal mannen ha ligge på isen ved sidan av bilen i rundt to timar før han fekk hjelp.

Politiet veit førebels ikkje årsaka til ulykka.

Vil avhøyre sjåføren

– Vi manglar detaljkunnskapar. Dei får vi eventuelt når vi kan avhøyre sjåføren, seier operasjonsleiar Jon Kvitne avisa.

Mannen vart henta med luftambulanse og frakta til sjukehuset i Arendal der han no ligg til observasjon. Sjukehuset stadfestar overfor NRK.no at mannen ikkje er livstrugane skada.

– Han har ikkje pådrege seg alvorlege skader og heller ingen store skader. Men vi observerer han, får NRK.no opplyst frå sjukehuset laurdag kveld.

Ulykka skjedde på riksveg 41 laurdag ettermiddag.

Kasta over autovernet

Bilen skal ha blitt kasta over autovernet og landa på taket. Mannen var bevisst då politiet kom fram til staden.

Vegbana var tørr då ulykka skjedde. Det skal heller ikkje ha vore glatt. Redningsbil jobba laurdag kveld med å få bilen opp frå elva.

Ulykke ved Søre Herefoss

ULYKKE: Bilen fekk ein skikkeleg trøkk i ulykka.

Foto: Line Oftedal Pedersen/NRK
Ulykke ved Søre Herefoss

SMELL: Bilen trefte autovernet før den til slutt enda i elvekanten.

Foto: Line Oftedal Pedersen/NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %