Hopp til innhold

Drosjesjåfør truga passasjer med våpen

Ein 59 år gammal drosjesjåfør misser retten til å køyre drosje etter at han retta ein softgun mot hovudet til ein kvinneleg passasjer.

– Den første meldinga gjekk ut på at bilen var påført skader av passasjerane. Men då vi kom ut med ei patrulje endra situasjonen seg raskt, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Børge Steinsland til NRK.no.

Ville ikkje betale

Det viste seg nemleg at bilen ikkje var påført skade. I staden hadde drosjesjåføren truga ein kvinneleg passasjer med ein softgun, som liknar på ein pistol. Bakgrunnen for trugselen er framleis ikkje avklara.

– Ifølgje sjåføren fekk han ikkje betaling for turen. Dette er noko vi må sjå nærare på og vi har fleire vitne å avhøyre, seier Steinsland.

Episoden fann stad ved parkeringshuset og bensinstasjonen Parko i Kristiansand sentrum natt til laurdag.

Beslag la kniv og softgun

Den 59 år gamle drosjesjåføren måtte bli med politiet til politistasjonen i Kristiansand. Der klaga han over brystsmerter.

I tillegg fortalde han at han hadde diabetes. Dermed vart han send til sjukehus for observasjon.

Ifølgje politiet skal mannen avhøyrast i dag, dersom han er frisk nok. Politiet beslagla både softgun, ein kniv, førarkort og drosjeløyvet til mannen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %