Dette vil folket ha i sommarferien

POPULÆRT: Dyr er populært for mange i sommarferien. Her er ein slange i Den Lille Dyrehage i Gjerstad.
Foto: Knut Andreas Stalleland Tegnander/NRKDet ustabile sommarvêret gir fleire besøkjande i dyreparkane i landet enn i fjor sommar.
Publisert 30.07.2012 10:45.
- Kommentarer
- Skriv ut

NØGD: Dagleg leier i Den Lille Dyrehage i Gjerstad, Terje Jensen, er godt nøgd med besøket i sommar.
Foto: Espen Bierud/NRK– Det har vore eit bra parkvêr, med tanke på at folk ikkje har komme seg så mykje ut på sjøen som dei vanlegvis gjer, seier han.
Så langt har dyrehagen hatt 20 prosent fleire besøkjande samanlikna med same periode i fjor. 10 000 menneske har vore innom berre i juli.
– Vi er blitt kjende
– Parken byrjar også å bli meir kjend. Sjølv når det er litt sol tek folk med seg grillane og besøkjer parken, seier Jensen.
Også Barnas Dyrepark i Lindesnes har opplevd ein god besøkssommar. Dyreparken har eit par tusen fleire besøkjande samanlikna med same periode i fjor.
– Det har gått opp i år også. Vi er veldig nøgde. Eg føler parken er blitt meir kjend. Folk som har vore innom snakkar om oss. På denne måten får vi fleire besøkjande, seier dagleg leiar Asbjørn Hansen.
Kart
Dyrehagar med godt besøk
Kilde: Google MapsInternasjonalt besøk
Polar Zoo i Bardu har ei auke på 1000 besøkjande samanlikna med same periode i fjor. Dagleg leiar Cato Haakseth reknar med rundt 27 000 besøkjande i løpet av året.

POPULÆR: Ulvane i Polar Zoo er populære i sommar.
Foto: Julian Brossé– Besøkstalet skulle vel eigentleg ha gått litt ned på grunn av at det har regna nesten kontinuerleg gjennom sommaren. Men vi har auka her også, seier han.
– Tidlegare har vi hatt mykje besøk lokalt. Men no kjem det folk også frå andre stader i landet og utlandet, seier Haakseth.
Gode besøkstal gir også meir mynt i kassa. Haakseth fortel at dei har at ei omsetningsauke på 20 prosent så langt.
– Vi ser at folk legg att stadig meir pengar. Folk har god økonomi og kjøper meir inne i parken, seier han.
– Gode produkt
I 2009 sette Akvariet i Bergen rekord i talet på besøkjande med 320 000. Så mange vil ikkje besøke akvariet i år, men også her har dei hatt fleire besøkjande i sommar, samanlikna med i fjor.
– Vi har mellom fem og ti prosent fleire enn i fjor. Det skuldast nok litt at vi har fått nye sjøløver, seier direktør Kees Oscar Ekeli til NRK.no.
– Kva trur du er årsaka til at parkane opplever besøksauke over heile landet?
– Eg trur det har med totalproduktet å gjere. Mange av parkane tilbyr særs gode produkt, som er attraktive for folk, seier han.

GODT BESØKT: Sjøløvene i Akvariet i Bergen sørgjer for godt besøk i sommar.
Foto: NyhetsspillerOgså Langedrag Naturpark i Buskerud har hatt ein brukbar sommar. Besøket er omtrent på nivå med fjorårets sommar.
– Eg har ikkje heilt oversikt over kor mange det er snakk om. Men det er heilt klart ein for del for oss at det ikkje er steikande varmt, seier kontormedarbeidar, Janne Nina Lislelid.

GODT BESØKT: Dyreparken i Kristiansand hadde 20 000 fleire besøkjande midtvegs i juli samanlikna med i fjor.
Foto: Odd Rømteland/NRK– Blir det sol og veldig varmt er vårt inntrykk at folk vel å gjere andre ting. Så sånn midt i mellom er knall for oss, seier ho.
Enorm auke
Den desidert største dyrehagen i landet, Dyreparken i Kristiansand, har opplevd ei enorm auke i talet på besøkjande denne sommaren. Samanlikna med i fjor besøkte 20 000 fleire parken dei to første vekene i juli.
- LES: Kniver om publikum
– Juli har vore veldig bra. Vêret har vore skiftande og det har vore veldig bra for Dyreparken sin del. Vi har så god kapasitet at det blir ikkje særleg med køar. Men ein del lokale som besøker oss seier at dei heller vil komme når sommartrøkket roar seg, seier administrerande direktør Per Arnstein Aamodt.
Siste: Sørlandet
- Film om Arendalsbanen vises på NRK
- Strålende pinsevær
- Over 20.000 lynnedslag
- Kraftige lynnedslag på Sørlandet
- 9-åring funnet i god behold
- Fallulykke i Kristiansand
- Får ikke spillemidler fra Aquarama
- Brann på Slettheia
- Vil ha svar fra kommunen
- Skal ro fra Kristiansand til Island
- – 17. mai er bedre enn sydentur
- Se bilder fra 17. mai-feiringen
- 17.mai-feiring på Sørlandet
- 17. mai-feiringen i gang
- 22-åring pågrepet for knivran
- Fortviler over tyveri av veiskilt
- Folkeavstemning om Løddesøl
- Bekymret over høye diabetestall
- Julius-sangen er 30 år
- Vil vurdere barnespinning

















