Hopp til innhold

Har framleis ingen spor etter Ali

Politiet har ikkje nokon spor å gå etter at 16 år gamle Ali Sediqi frå Grimstad forsvann for eitt år sidan.

Ali Sediqi

FORSVUNNE: Politiet står framleis utan spor etter Ali Sediqi, eitt år etter at han forsvann.

Foto: Privat / Scanpix

Guten var på tur med familien til Sommarland i Bø då han vart borte.

– Vi skal ha ei felles vurdering av saka saman med jurist i næraste framtid og bli samde om kvar vi skal gå vidare herifrå, seier lensmann i Bø i Telemark, Sigrid Dahl til NRK.no.

Vil sjekke Facebook-profil

Då guten forsvann frå Sommarland førre sommar, vart det sett inn store leitemannskap etter han. Det var ingen spor å gå etter, og familien til guten har heller ikkje fått livsteikn frå sonen.

– Vi har eigentleg ingen spor å jobbe utifrå slik saka står no. Det einaste vi har att er Facebook-profilen hans, som kan vere aktuell å hente inn opplysningar ifrå, seier Dahl.

– Men som det har vore oppe i media i samband med Sigrid-saka i Oslo er det ein lang og vanskeleg prosess som ikkje nødvendigvis vil gi oss så mykje heller, seier lensmannen.

Trur han er i live

Guten er opphavleg frå Afghanistan og snakkar ikkje norsk. Han er cirka 180 centimeter høg, tynn, mørk i huda og har mørkt hår.

Politiet held no kontakt med familien til 16-åringen, som håpar han er i live.

– Familien veit ikkje kva som har skjedd, men dei håpar og trur at han framleis er i live, seier Dahl.

461 personar som er meldt sakna i Norge sidan 1992 er framleis ikkje funne, ifølgje ei oversikt VG har presentert.

Ingen spor

Sidan 4. august har politiet og fleire hundre frivillege leita etter Sigrid Giskegjerde Schjetne, men ikkje alle forsvinningane får like mykje merksemd.

– Nokre personar som blir meldt sakna, etterlet seg ingen spor, og då blir ikkje merksemda like stor. Når det fins konkrete spor, byrjar tipsa å komme inn, og saka blir interessant for fleire og mykje større særs raskt, sa leiar Anders Oksvold i Oslo-politiets saknagruppe til avisa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Grønn Ungdom-leder: Jeg tok en overdose

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %