Hopp til innhold

Valden blir grovare i helgene

Fleire sørlandsbyer opplever stabile valdstal, men valden blir oftare verre og meir brutal i helgane. Det uroar politiet.

Helgevolden i flere sørlandsbyer har blitt grovere. I Grimstad er antallet voldssaker stabilt, men volden som utføres er langt mer brutal enn før. Og det merker også utestedene.

VIDEO: Sjå reportasje om valden som stadig vert grovare.

Børre Githmark

SKREMD: Børre Githmark opplever langt tøffare vald enn tidlegare.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Terje Gundersen

INNTRYKK: – Den grove valden gjer inntrykk på politiet, seier Terje Gundersen.

Foto: Håkon Eliassen/NRK
Arne Pedersen, Agder polidistrikt

SLAGVÅPEN: Kriminalsjef Arne Pedersen fortel at dei oftare ser slagvåpen i valdsepisodar.

Foto: Håkone Eliassen/NRK
– Av og til tek det heilt av og då skyr dei ingen middel, seier eigar og dagleg leiar av Cafe Galleri i Grimstad, Børre Githmark til NRK.no.

Han var sjølv vitne til at ein person som låg på bakken vart sparka i hovudet førre helg. Denne type vald er noko også politiet i Grimstad merkar har auka.

– Det er ting som tyder på at omfanget er blitt større. Folk si vilje til å nytte grovare form for vald er stor. Då er den grove valden i form av spark mot hovudet bekymringsfull, seier Terje Gundersen i Grimstad-politiet.

– Samfunnsproblem

Politistasjonssjefen seier han får tilbakemeldingar frå patruljetenestemennene som er ute i helgane.

– Det er tydelege tilbakemeldingar på at den grove valden er problematisk, og at det sjølvsagt gjer inntrykk og at det bringer med seg mange skjebner, seier han.

– Det er ofte mange som vert påverka av det. Når det er vald som fører til varige skader er det veldig problematisk og eit samfunnsproblem, seier Gundersen.

Onsdag fortalde NRK.no at politiet i Arendal slit med å få ned talet på valdssaker i helgane.

Brukar slagvåpen

Både i Arendal og Grimstad er valdstala stabile, men i Grimstad opplever dei at valden stadig oftare er meir brutal, som også gjeld fleire byar.

For litt over ein månad sidan vart eit kjærastepar i Kristiansand slegne i bakhovudet med ei jernstong. Begge hamna alvorleg skadde på sjukehus i Oslo.

– Det er nok slik at vi dei siste par åra har hatt nokre tilfelle som vi har reagert veldig på. Det er grovare vald enn vi har sett tidlegare, seier kriminalsjef i Agder politidistrikt, Arne Pedersen.

– Når det har vore ei hending vert det følgt opp med slag og spark. Vi har også sett at ein del personar har brukt slagvåpen som det er livsfarleg å bruke. I Agder har vi sett visse tilløp til den utviklinga, seier Pedersen.

– Kva gjer politiet med dette?

– Vi tek det veldig alvorleg. Når vi får identifisert gjerningspersonane ber vi om fengsling. Vi gir prioritert oppfølging i den vidare prosessen og jobbar individuelt preventivt og allment preventivt i den saka, seier kriminalsjefen.

Blodige spor etter grov vald

BLODIGE SPOR: Dette er spor etter ein grov valdsepisode for ein månad sidan, der eit kjærastepar var slått med ei jernstong i Kristiansand.

Foto: Kim Nystøl/NRK

– Skremmande

På Café Galleri tenkjer Børre Githmark framleis over det han opplevde førre helg. Mannen som vart sparka i hovudet vart liggjande medvitslaus i fleire minutt.

– Det eg tenkte med ein gang var om han hadde fått hjernebløding eller skader. Han vart lagt i stabilt sideleie. Vi gjorde det vi kunne før ambulansepersonell og politi kom, fortel han.

– Det er tøffare vald når det først skjer noko. Det er sjølvsagt skremmande at valden vert tøffare. Det er ein ny kvardag, legg han til.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %