Hopp til innhold

Gjer grep for å unngå nytt bortetap

ØIF Arendal har aldri slått Bækkelaget/Nordstrand på bortebane i serien. No gjer trenaren grep for å snu bortetrenden mot Oslo-klubben.

BHK i angrep

UOVERVINNELEGE? ØIF Arendal har aldri slått Bækkelaget/Nordstrand i Nordstrandhallen.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Leif Gautestad

Leif Gautestad

Foto: Thomas Grønvold/NRK

I dei fire sesongane arendalittane har møtt BSK/NIF har det enda med tap kvar einaste gang på bortebane. På heimebane har det derimot enda med fire sigrarar i serien.

– Eitt av grepa er å reise inn ein dag før. På denne måten står vi på bana likt i forhold til at vi ikkje har reise i beina før kamp, seier trenar Leif Gautestad til NRK.no.

– Dette blir nøkkelen

Gautestad peikar på at forsvarsspel og målvaktsspel har vore avgjerande både på heimebane og på bortebane mot Oslo-klubben.

– Det å få målvakt- og forsvarsspel til å sitje blir nøkkelen for å få med seg poeng frå Oslo, seier han.

Arendalittane har starta sesongen med to sigrarar på heimebane og eitt tap mot tittelforsvarar Haslum på bortebane. Klubben uttalte før sesongstart at medalje er målet denne sesongen.

– Skal vi vere med i toppen må vi vinne bortekampar. Nødvendigvis ikkje alle, men ein kamp som denne blir ein nøkkel, seier Gautestad.

ØIF Arendal sine bortekampar mot BSK/NIF

År

Kamp

Resultat

2010/2011

BSK/NIF - ØIF Arendal

27-23

2009/2010

BSK/NIF - ØIF Arendal

26-23

2008/2009

BSK/NIF - ØIF Arendal

32-26

2007/2008

BSK/NIF - ØIF Arendal

33-32 (1.divisjon)

God treningsveke

ØIF Arendal stiller med ein tilnærma skadefri tropp til oppgjeret mot BSK/NIF. Men både Kenny Ekmann (overtrakk) og André Jørgensen (ryggtrøbbel) er usikre.

– Treningsveka har vore veldig bra. Kanskje vår beste så langt i sesongen, seier Gautestad som er optimistisk med tanke på sitt første bortepoeng i Nordstrandhallen.

– Eg ventar at vi skal lage ein jamn kamp og forhåpentlegvis står vi att som vinnar til slutt, seier trenaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %