Hopp til innhold

Svein Mathisen er død

Start-legenda døydde torsdag morgon. Mathisen vart 58 år gammal og tapte kampen mot krefta.

Mathisen spelte 327 seriekampar og totalt 663 kampar for Start og scora 106 mål i perioden 1973 til 1989. Han var også innom den skotske klubben Hibernian.

Mathisen vart seriemeister med Start i 1978 og i 1980.

Var sportssjef

Han spelte 25 kampar for det norske landslaget. Dei siste åra har han jobba som sportssjef i Start.

Mathisen har også vore innom både NRK og TV2 som kommentator.

Svein Mathisen vart alvorleg sjuk i juni i fjor. Meldinga fekk han då han var på fisketur saman med tidlegare Start-trenar Stig Inge Bjørnebye.

– Vi stod i vadestøvlar midt i elva begge to. I ein halv time var alt mørkt. Så bestemte eg meg for at dette er ein kamp som skal vinnast, sa Mathisen.

Video Svein Mathisen (1952-2011)

VIDEO: Tilbakeblikk på Svein Mathisens karriere.

Fleire operasjonar

Fotball-legenda var gjennom fleire operasjonar, og i september sa Mathisen at han håpa på å vere tilbake i jobb om ikkje lenge. Men torsdag 27. januar kom altså meldinga om at Svein Mathisen er død 58 år gammal.

Trond Pedersen har spelt saman med Svein Mathisen i Start. Dei to var vener sidan dei var 16-17 år gamle.

– Det er forferdeleg trist. Eg har nesten ikkje ord. Eg visste jo at han var i ein alvorleg situasjon, men at at det skulle gå slik kunne eg ikkje førestille meg, seier han til NRK.no.

– Svein var ein respektert mann og ein flott kamerat. Vi hadde mykje felles saman og han prega miljøa han vandra i. Han var ein samlingsfigur og bidrog veldig mykje i miljøa han var i, seier han.

Ikstart.no - Svein Mathisens død

KLUBBENS NETTSIDE: Slik minner IK Start Svein Mathisen på sine nettsider.

Foto: Skjermdump: Ikstart.no

– Enorm betydning

Pedersen meiner Svein Mathisen har betydd mykje for fotballen på Sørlandet.

– Han har hatt ei enorm betydning. Han har vore i søkelyset heilt sidan Start tok sin første medalje i 1973. Han var med på å ta seriemeisterskap med klubben. Han fekk fotballen på Sørlandet bort ifrå det mørke fastland, seier Pedersen.

Kameraten meiner fotballklubben Start har mista ein særs viktig ressurs.

– Han har elska klubben i all si tid. Han meinte sjølv han hadde mykje ugjort. Han gjorde mykje bra og lukkast med dei fleste spelarkjøpa. For klubben er det frykteleg trist å miste ein person som hadde det netterverket som han hadde, seier han.

God bedring Matta

STØTTE: Start-supportarane markerte si støtte til Svein Mathisen under fjorårets siste seriekamp mot Haugesund. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Uverkeleg

Tidlegare Start-trenar, Karsten Johannessen, tok nyheita om Mathisen sin bortgang tungt.

– Han kjem til å bli sakna veldig hardt. Det er uverkeleg. Latteren hans... det er heilt uverkeleg, seier ein prega Johannessen til NRK.no.

– Han var ein eminent høgreving, men også ein fantastisk gut som tok vare på alle, seier den tidlegare Start-trenaren.

Video Matta intervjuer på Sør Arena

VIDEO: Svein Mathisen tok mikrofonen fra NRKs reporter i november. Se videoen!

Video Best i verden på behandling av magekreft

VIDEO: I november skrøt Svein Mathisen over behandlingen han fikk på Sørlandet sykehus. Sykehuset er best i verden på behandling av magekreft.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %