Hopp til innhold

Start-trenarar sit aldri lenge

Start har hatt åtte trenarar dei siste åra og ein Start-trenar sit aldri lenge. No kan det sjå ut som at også trenar Knut Tørum må forlate Start etter årets sesong. Trenarforeininga reagerer.

Video e88f4f0d-1243-4b96-8703-5dfe56fbb39a.jpg

Trenarforeininga reagerer sterkt på at Knut Tørum fekk beskjed om at han ikkje får forlenga kontrakta berre dagar før seriestart.

– Dette vil definitivt bidra til å svekkje autoriteten til Tørum, seier leiar i trenarforeininga, Teddy Moen, til NRK.no.

– Er det noko ein trenar står og fell på er det autoritet. Med ein gang Tørum og omgivnadene må bruke meir tid på å snakke om han skal vere trenar eller ikkje, enn å snakke om det sportslege, går fokuset vekk frå dei viktige tinga, seier han.

Video Supporterne støtter Tørum

SE VIDEO: Supporterne støtter Start-trener Knut Tørum

Blir ut sesongen

Det meste tyder på at 2011-sesongen vert den siste for Tørum i Start. Klubben forklarar avgjerda med ei «totalvurdering». Start påpeika i går at Tørum har full tillit ut sesongen.

– Så lenge det vert stilt spørsmålsteikn rundt Tørum si framtid, vil det snike seg inn ei kjensle og ei oppfatning i omgivnadene i forhold til at autoriteten til Tørum vil bli svekka. Det vil gjere jobben hans vanskelegare, seier Moen.

Knut Tørum sa til NRK.no tysdag at han vil sjå etter ein ny jobb.

– Eg vel å tru at det skal vere mogleg å få seg ein jobb og leve bra sjølv etter å vere ferdig i Start, sa Tørum.

Vil ha dialog

Knut Tørum

SVEKKA: Trenarforeininga reagerer sterkt på måten Start har handtert saka rundt Knut Tørum. Start-trenaren får ikkje forlenga kontrakta med klubben. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Teddy Moen har sjølv vore i kontakt med Tørum.

– Vår viktigaste oppgåve er å ha ein dialog med Knut Tørum og prøve å bidra til at han har nokon å prate med i forhold til situasjonen. Han vil få mange henvendelsar frå omgivnadene i forhold til kva som skjer, seier han.

– Det vil ta vekk litt av det fokuset han bør ha i forhold til å gjere ein god jobb som trenar, seier Moen.

Start skal vurdere situasjonen på nytt etter vårsesongen.

– Det vert ein ny prosess på dette over sommaren. No har det vore lange diskusjonar, men vi har fått ei endeleg avklaring og konklusjonen vart som den vart, seier styreleiar i Start Magne Kristiansen.

Kven bør bli ny Start-trenar? Sei di meining!

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %