Hopp til innhold

Skredekspert: – Folk misforstår skredskalaen

– Når det er skredfarenivå 3, døyr det dobbelt så mange menneske i ras, som på nivået over, seier rasekspert.

Tor André Skjelbakken
Foto: Privat

Tor André Skjelbakken er med i Røde Kors si nasjonale rasgruppa og i IKAR, den internasjonale fjellredningskommisjonen.

– Let seg lokka på tur

Fint ver og tilsynelatande gode forhold gjer at folk let seg lura til å tru at rasfaren berre er middels når skalaen viser 3 av 5.

– Men statistikken viser at det er då flest døyr i ras, seier Skjelbakken til NRK.

– Når rasfaren er på 3, så kan det gjerne vera bra ver og sjå ut som det er fint føre i fjellet. Mange let seg lokka på tur, fordi forholda ser ut til å vera bra, seier raseksperten.

Ikkje teikn

Mange av vanlege teikn på rasfare er ikkje til stades på det nivået.

– Når rasfaren er på nivå 4, er det gjerne så dårleg ver at folk ikkje reiser på tur likevel, det er openbart at det kan vera farleg, slår Skjelbakken fast.

Både politiet og Norsk geologisk institutt, NGI, er einige med Skjelbakken.

Rasfare-skalaen går frå 1 til 5.

Måndag omkom fem utanlandske skituristar i ei rasulukke i Kåfjord i Nord-Troms. Ein person ble alvorleg skadd og ble innlagt på Universitetssykehuset Nord-Norge i Tromsø.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark