skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
EU 3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > EU Sist oppdatert 12:28
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
Det er ille at eit fattig land som Litauen kan bruke mykje pengar på å feire EU-medlemskapen, meiner desse tre karane, som ikkje ville ut med namna sine. (Foto: Bent J. Tandstad/NRK)
Det er ille at eit fattig land som Litauen kan bruke mykje pengar på å feire EU-medlemskapen, meiner desse tre karane, som ikkje ville ut med namna sine. (Foto: Bent J. Tandstad/NRK)

- For mykje EU-mas

Fire tilsette i eit entreprenørselskap sit og slappar av på ein benk i parken. Dei avviser oss blankt når vi spør om korleis dei stiller seg til at Litauen skal bli medlem i EU frå 1.mai.

Publisert 30.04.2004 13:51.
SE OGSÅ:
Av Bent J. Tandstad, Vilnius, Litauen

Dei fire er kledde i blå kjeledressar med entreprenørselskapet sin logo på ryggen. Dei har teke seg ein pause i arbeidet med eit nytt praktbygg like ved den store katedralen. I den varme vårsola sit dei under nokre skuggefulle tre og nyt den medbrakte nistepakken.

Vilnius bur seg på EU-fest denne helga. På denne festplassen utanfor den store katedralen i gamlebyen blir det ein stor folkefest fredag kveld. (Foto: Bent J. Tandstad/NRK)
Dei gjer det heilt klart at dei ikkje vil svare på spørsmål om EU. Ein av dei går derifrå med ein gong vi kjem, medan dei tre andre blir sitjande. Etter at tolken har prata litt med karane tør dei opp litt, og etter ei stund uttalar dei seg med brask og bram. Dei godtek også å bli tekne bilete av. Men namna sine vil dei ikkje ut med.

Mykje bråk og tull

- Det er for mykje bråk og tull med denne EU-utvidinga. Eg trur ikkje eg vil få det betre i EU. Dei burde heller bruke pengane som dei skal tulle bort på feiringa av EU-utvidinga, på å gi oss ei lønn det er mogleg å leve av, seier den yngste av dei tre som er igjen på benken.

Han får støtte frå dei to andre. Dei er misnøgde med lønna, og trur ikkje det økonomiske resultatet av EU-medlemskapen vil vise seg for dei før om rundet 25 år.

- Då er eg pensjonist, og kva nytte har eg av EU då? Spør den eldste av dei og ristar på hovudet. Dei to andre nikkar og er samde.

- EU betyr ikkje noko for slike som oss, seier den tredje.

Kostbar feiring

Det går fram at det først og fremst er den store feiringa av EU-utvidinga dei reagerer på. Dei synest ikkje det er rett at eit fattig land som Litauen skal bruke mykje pengar på å markere inngangen i EU.

Det er planlagt store konsertar og festar i samband med EU-utvidinga 30. april og 1. mai. I Vilnius blir det ein stor konsert og folkefest på den store festplassen utanfor den største katedralen i byen. Og sjølvsagt eit stort fyrverkeri ved midnatt natt til laurdag.


SISTE SAKER OM EU
 

Østerrike i EUs førersete

Foto: Thierry Roge/Reuters/Scanpix Økonomisk vekst, ny utvidelsesrunde og ny debatt om EUs framtid er blant Østerrikes prioriteringer som EU-formann.

Leder EU-kommisjonen

Portugiseren José Manuel Durão Barroso og hans mannskap har inntatt EU-kommisjonens kontorer i Brussel. Les mer om EU-kommisjonen her.

EUs grunnlovstraktat

EUs nye grunnlovstraktat ligger død etter det franske og nederlandske "nei". Her ser du hva de sa nei til.

Lenker videre

Her finner du de beste lenkene til EUs institusjoner, ja- og nei-siden, massemedier etc.

25 land i samme sal

Belgiske Frederique Ries er en av de 732 som ble valgt inn i EU-parlamentet i juni i fjor. Les om EU-parlamentets makt og sammensetning her.
10 SISTE NYHETER
10 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no