skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
EU 3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > EU Sist oppdatert 12:28
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Seier ja for borna si skuld

- Eg kan ikkje vere sikker på at alt det blir betre når vi kjem inn i EU. Men eg vonar at i alle fall borna mine kan få eit betre liv.

Publisert 30.04.2004 14:16.
SE OGSÅ:
Av Bent J. Tandstad, Vilnius, Litauen

Nijole Miceviciene er i slutten av 30-åra. Ho arbeider som bibliotekar på Vilniaus Salomejos Neries Gimnazija i sentrum av Vilnius, hovudstaden i Litauen. Biblioteket ho styrer er ikkje endra sidan Litauen var ein del av Sovjetunionen. Det er spartansk utstyrt, men Nijole og ein kollega arbeider på kvar sin moderne datamaskin. Elles er det grå og triste veggar, i skarp kontrast til det halvt private jus-universitetet vi vitja tidlegare same dag.

Nijole Miceviciene er bibliotekar ved ein vidaregåande skule i Vilnius.Ho er ikkje sikker, men håpar på at EU-medlemskapen vil gi betre tider i Litauen. (Foto: Bent J. Tandstad/NRK)
Nijole er gift og har to born, ei dotter på 12 år og ein son på 11. Ho er ein tvilar i spørsmålet om det verkeleg blir betre i Litauen som EU-medlem, men ho røysta ja til medlemskap under forlkeavrøystinga i fjor saman med eit overveldande fleirtal.

- Kan ikke stå utenfor

- Vi kan ikkje ta sjansen på å stå utanfor. Vi har håp om ei betre framtid. Eit gammalt litauisk ordtak seier at håpet er dumskapens mor, seier ho og ler. Men vi har ikkje noko val. Det blir sagt at vi vil kome opp på vesteeuropeisk økonomisk nivå først om 25 år, men då vi i alle fall borna våre få eit betre liv, seier ho ettertenksamt.

Å vere bibliotekar i den offentlege skulen er ingen gullkanta jobb i Litauen i dag. Den jordnære Nijole Miceviciene er heilt ulik mange av dei menneska ein møter i Vilnius i desse dagar. Ofte er det unge menn med flotte bilar og dyre klede, som ikkje ein gong ville tenkje på å vere diskret med den nyvunne rikdomen sin.

Klondyke-stemning

Ingen som vitjar Vilnius vil vere i tvil om at det er ei Klondyke-stemning i byen. Det summar i mange ulike tungemål, og det meste handlar om business.Sjølv om det er ein heller kaotisk politisk situasjon i Litauen, er det ingen so synest å uroe seg særleg for det. At ein president blir stild for riksrett og avsett, det er sjølvsagt litt trasig, men det står ikkje i vegen for dei frie marknadskreftene.

Det kan i det minste tyde på at det er stabilitet i landet. Trass i bråket med den avsette presidenten er det ingen som ser på det som noko stort samfunnsproblem. Til det er folk for opptekne av den økonomiske utviklinga i landet. Det er det viktigaste for dei fleste vi snakkar med.

Tøft med nykapitalismen

Nijole er fødd i det kommunistiske Sovjetunionen. Det har ho med seg. Ho vedgår at det er tøft å greie seg i det nykapitalistiske Litauen med hennar lønn. Det går rundt, men det er ofte ikkje nok med to jobbar i ein familie.Mange har både to og tre jobbar, kan ho fortelje.

Utdanning er håpet for den nye generasjonen. Borna hennar er fødde etter at Litauen vart eit sjølvstendig land. Ho veit at med Litauen som medlem i EU vil borna hennar ha rett til å studere og arbeide i dei andre EU-landa. Dei kan lære språk, få dei same sjansane som andre europeiske born.

Noreg og nei til EU

Også Nijole kjenner godt til Noreg sine to nei til EU-medlemskap. Ho ler godt når eg fortel henne at vi nok er litt sære der oppe, at vi nok ikkje vil vere heilt som andre europearar.

- Er det snakk om å vere seg sjølv nok? Spør ho med eit smil, og viser at ho kjenner Peer Gynt. Det har ho felles med mange andre litauarar. Dei er godt kjende med norsk kultur.


SISTE SAKER OM EU
 

Østerrike i EUs førersete

Foto: Thierry Roge/Reuters/Scanpix Økonomisk vekst, ny utvidelsesrunde og ny debatt om EUs framtid er blant Østerrikes prioriteringer som EU-formann.

Leder EU-kommisjonen

Portugiseren José Manuel Durão Barroso og hans mannskap har inntatt EU-kommisjonens kontorer i Brussel. Les mer om EU-kommisjonen her.

EUs grunnlovstraktat

EUs nye grunnlovstraktat ligger død etter det franske og nederlandske "nei". Her ser du hva de sa nei til.

Lenker videre

Her finner du de beste lenkene til EUs institusjoner, ja- og nei-siden, massemedier etc.

25 land i samme sal

Belgiske Frederique Ries er en av de 732 som ble valgt inn i EU-parlamentet i juni i fjor. Les om EU-parlamentets makt og sammensetning her.
10 SISTE NYHETER
10 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no