Hopp til innhold

Tøff innspurt i klimaforhandlingane

Det blir svært krevjande å få til eit godt resultat av klimaforhandlingane i Qatar, seier den norske forhandlingsleiaren.

Doha klimakonferanse

Ei rekkje norske organisasjonar er på plass i Doha for å følgje FNs klimakonferanse. Her er ein del av dei samla på møte i det norske delegasjonsrommet for å få ei oppdatering på status i forhandlingane.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima
Eivind Molde i Doha

I dag kjem Bård Vegar Solhjell og dei andre ministrane til Doha for å ta fatt på sluttspurten i klimaforhandlingane i Qatar.

Henrik Harboe Doha

Henrik Harboe leier forhandlingane i Doha fram til miljøvernminister Bård Vegar Solhjell tek over onsdag.

Foto: Eivind Molde / NRK

Noreg har fått ei nøkkelrolle i arbeidet med å dra i land ein ny Kyoto-avtale.

– Dette blir vanskeleg, fordi vi har komme såpass kort den første veka, og så er vi usikre på kor god styring Qatar som vertsland har på prosessen, seier forhandlingsleiar Henrik Harboe.

I dag gjev han stafettpinnen vidare til miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) når den såkalla høgnivådelen startar under FNs klimakonferanse i Doha.

No overtek ministrane.

(Saka held fram)

Doha klimakonferanse

Forhandlingsleiar Henrik Harboe (bak) lyttar til innspel i møte med representantar for norske organisasjonar måndag.

Foto: Eivind Molde / NRK

Småkaotisk

– Er det litt småkaotisk?

– Det kan bli det. Mexico og Sør-Afrika redda klimaforhandlingane dei siste to åra fordi dei hadde kompetanse og styrke. Vi ser ikkje det same her, frå Qatar, seier han.

Ola Skaalvik Elvevold, Doha

Klimarådgjevar Ola Skaalvik Elvevold frå Norges Naturvernforbund har følgt forhandlingane i Doha gjennom heile den første veka. No ventar ein krevjande innspurt.

Foto: Eivind Molde / NRK

Klimarådgjevar Ola Skaalvik Elvevold i Norges Naturvernforbund har følgt forhandlingane tett gjennom heile den første veka.

Han har også delteke på forhandlingsmøta tidlegare i år som representant for ei rekkje miljøorganisasjonar.

Norsk nøkkelrolle

– Noreg må leggje press på dei andre rike landa, slik at dei aukar ambisjonane sine. For ambisjonane no er skrekkeleg låge, seier Elvevold.

I går blei det kjent at Noreg, saman med Brasil, får hovudansvar for å få på plass ei forlenging av Kyoto-avtalen, den einaste bindande avtalen som regulerer utslepp av klimagassar.

Dette gjer utfordringa for Solhjell endå større, seier Elvevold.

– Noreg er eitt av dei landa som nyt ein viss tillit både blant rike og fattige land. Det må brukast positivt. Men då må Noreg prøve å frigjere seg litt frå den «klubben» av rike land som Noreg trass alt er med i, seier han.

(Saka held fram)

Doha, Qatar

Skyskraparane dominerer i sentrum av Doha, hovudstaden i Qatar. Vertskapet for årets klimakonferanse er det landet i verda som slepper ut mest CO2 pr. innbyggjar.

Foto: Eivind Molde / NRK

Mykje på spel

Kyoto-avtalen går ut ved nyttår. Målet er å få til ei forlenging fram til ein ny, juridisk bindande internasjonal avtale blir vedteken.

Det skal etter planen skje i 2015. Avtalen skal gjelde frå 2020. Arbeidet med den er ei anna stor utfordring under klimakonferansen her i Doha.

I tillegg er spørsmålet om finansiering viktig. Dei rike har forplikta seg til å stille opp med 100 milliardar dollar årleg frå 2020 for å hjelpe fattige land med på tilpasse seg klimaendringane, og kutte i sine utslepp.

Spørsmålet er om dei rike landa vi leggje pengar på bordet.

– Ta tak i realitetane

Connie Hedegaard Doha

Klimakommissær Connie Hedegaard er på plass i Doha for å dra i land klimaforhandlingane på vegner av EU.

Foto: Eivind Molde / NRK

Ho som skal dra forhandlingane i land på vegner av EU, klimakommissær Connie Hedegaard kom til Doha i helga. Ho ser for seg ein tøff innspurt.

– I slike forhandlingar har ein lett for å forelske seg i ulike teknikalitetar og formalitetar. Det ser vi også her, seier Hedegaard.

EU har ein klar bodskap: Lat oss heller sjå på realitetane. Det som er viktig for vanlege folk, er korleis vi kan redusere dei skadelege utsleppa.

– Det er det dette først og fremst skal handle om. Vi må ta konkrete initiativ til å redusere utsleppa. Og vi må unngå at alle tekniske detaljar blokkerer for det aller viktigaste – korleis vi reduserer utsleppa, seier Connie Hedegaard.