skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
Astrid Brekken:

Pestmorgon og arsenikkveld

Det danske fenomenet Bent Hougaard kjem om nokre dagar til Oslo for å lansere den norske versjonen av boka si ”Curlingforeldre og servicebarn”. Han byr på bitande, humoristisk kritikk og mange gode råd. Latteren gjallar når han held foredrag.
Men bak latteren – kva føler vi der, og kvar tar vi fatt?

Publisert 20.05.2005 16:06.
Det hender vi foreldre ser på avkommet og spør oss kva vi gjorde gale. For dei kan vera heilt uspiselege, om det nå dreier seg om små rampetroll eller bråkjekke lømlar som ser ned på oss frå si høgde over havet. Det hender ein ynskjer seg tilbake til tider da barna lytta til ei streng stemme:

Nei, nei gutt,
dette må bli slutt!
Ikke storme inn i stuen
før du har fått av deg luen!

Læraren Margrethe Munthe døydde i 1931, og sangane hennar er dokument frå ei tid da det var kustus på ungane. (På 1990-talet fekk vi ein ny vri på Munthes tekst: ”Nei, nei gutt, dette må blir slutt, ikke storme inn i skolen før du har levert pistolen.”)

Noko som skurrar

Men så kom Benjamin Spock med klassikaren ”Barnet” i 1946, der han sa: spar på riset og gle dykk over barna. Dermed fekk pipa ein annan låt – foreldre tok ivrig imot hans råd - men nå er musikken ikkje lenger så søt. Ikkje barna heller. Derfor står ein barnepsykolog som talar om pisk og gulrot på scenen i Norden og fortel oss at vi er ute og sklir.

Rådløyse?

Det danske fenomenet Bent Hougaard kjem om nokre dagar til Oslo for å lansere den norske versjonen av boka si ”Curlingforeldre og servicebarn”. Han fortel oss at vi er blitt foreldre som ikkje set grenser og at vi har barn som verken viser respekt for vaksne eller andre barn.
Bent Hougaard byr på bitande, humoristisk kritikk og mange gode råd. Latteren gjallar når han held foredrag. Men bak latteren – kva føler vi der, og kvar skal vi ta fatt?

Betal for råd

I Storbritannia og USA kan dei ringe ein foreldrecoach når bristepunktet er nær. Foreldrecoach Lorraine Thomas brukar ikkje ordet curlingforeldre, men det er same sak ho talar om som Hougaard når ho nå gir ut ”The seven day parent coach”, som lovar ikkje mindre enn at du kan halvere stresset, fordoble energien og bli ein strålande forelder. Foreldrecoach-firma etablerer seg nå i fleire land for å gje foreldre ei hjelpande hand, i form av telefonsamtaler eller kurs. Sjølvhjelpsbøkene har lenge vore over oss, med hyllemeter om korleis få orden i klesskapet eller på skrivebordet, korleis nyte livet eller bli rik. Lorraine Thomas, Storbritannias foreldrecoach nummer ein som det står på framsida av boka, lovar gullungar og salige tilstander i heimen, og vonar sikkert hamne på bestseljarlistene. Men at foreldre treng ta nye grep er sikkert, og kva seier så ein foreldrecoach?

Pestmorgon

Det første er pestkontroll om morgonen, ei dramatisk tid på døgnet. Da skal du finne fram smilet, og sørgje for at du har kontrollen. Det minner meg om advokat Ellen Holager Andenæs, mamma til fire: nyleg fekk ho ein blomst av dotter si, som sa at mora stod opp om morgonen og ga uttrykk for at livet var herleg.

Arsenikkveld

Og for det andre:
Smakar kveldane av arsenikk?
Har du ein plan for kveldane?
Får du ei roleg stund etter at barna er i seng?
Ender du ofte kvelden med å kjenne deg sint, trist eller full av skuldkjensle?
Kor lenge vil du ha det slik?

Tonen din

For det tredje: Kva tone er det mellom deg og barna –
kva ord brukar du oftast når du talar til dei?
Stans, stopp, hald opp, kutt ut, hald munn, slutt å skrike, stans kranglinga?
Tenk deg ein dag da du ikkje seier noko av dette.
Tenk deg at du i staden for skarpt å seia: slutt å lage så forbaska mykje rot!
seier du vennleg: legg alle leikene dine tilbake i den blå leiketøyskassa og bestem deg for kva leiker du vil ta ut og leike med
Snakk med barna dine om det du vil dei skal gjera, ikkje fortel dei kva dei ikkje skal gjera.
Tenk nøye over kva du seier til barna dine og korleis du seier det.

Englebarnet

For det fjerde: Dei siste ti minutta før barna sovnar må vera gode
Kos med barnet
sei du er glad i henne eller han
sjå på barnet og fortel deg sjølv kor heldig du er
fortel barnet noko det sa eller gjorde i dag som var fint
ikkje nemn lite hyggelege episoder.

Om å temja foreldre

For det femte: ville foreldre må temjast:
Har du brøletokter og raserianfall?
Hender det at du ikkje oppfører deg som om du var vaksen?
Kva er det som får deg til å få foreldre-raserianfall?
Ofte er det små ting som får fram det verste i oss
Kor mange anfall har du for dagen
da du seier ting du ikkje ville sagt dersom du var roleg,
Du får skuldkjensle, angrar, blir trist,
du gjev ungane skulda for at du mister kontrollen.

Er det barnas skuld at du mister kontrollen?

Dette var eit lite knippe av det foreldrecoach Lorraine Thomas dryssar ut – og hennar faste tru er at vi må starte med oss sjølve. Vi kjem ingen veg med å skulde på barna. Det er vi som bør ha og skal ha styringa. Ho har sjølv barn, ho elskar å vera mor, og gjekk frå ei karriere i engelsk fjernsyn for å fylle dagen med foreldres utfordrande, men etter hennar syn, vedunderlege liv og gjerning.

Barnet ingen likar

Den svenske barnepsykologen og forfattaren Elisabeth Cleve har også skrive om curlingforeldre – i boka ”Sopa lagom” som kom nå i nyleg, seier ho at vi ikkje må gjera barna våre til personar folk mislikar – vi må oppdra dei til likandes vesen, elles gjer vi dei ille. Det er viktig at barn blir omtykte av andre barn, og av andre vaksne. Det er ingen som synest om frekke, bråkete og uhøflege barn.

Solside

Det hender når ein går inn i dette landskapet av kvardagsdetaljar at alt kan synast smått – og vi rører oss i eit terreng der ting oftast ikkje går spinn gale, det er dei på solsida som er curlingforeldre, det er barna på solsida som er servicebarn.
Luksusproblem?
Men det er desse barna som i sin tur skal styre samfunnet og verda,
og kva når dei blir bortskjemde, og empati er eit ord dei ikkje forstår?

Skuggeside

Det store landskapet rommer dette:
Ein milliard barn i verda blir fråtekne barndomen på grunn av fattigdom, krig, aids.
I år er tiande året FN’s barnefond Unicef legg fram sin årsrapport om barnas tilstand på jorda.
640 millionar barn har ikkje ein trygg heim, 400 millionar har ikkje reint vatn å drikke, 270 millionar har ikkje tilgang til lege eller sjukehus, og 140 millionar barn – dei fleste jenter – får ikkje ein einaste skoledag.

Det hjelper ikkje denne milliarden barn at vi avlar fram små egoistar som blir store egoistar og dyrkar den sjølvgode kapitalismen. Dei som hevdar at familien er sjølve kjernen i samfunnet må også ta inn over seg at familien kan vera rugekasse for det perverterte. Det er innlevingsevne som må oppøvast, respekt som må framelskast, både i det vesle og det store rommet. Og er ditt barnetog gått, slå kloa i barnebarna!

Av Astrid Brekken

P2-kommentaren, NRK P2, 21. mai kl 16:50 og 22. mai kl 20:20 2005


 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no