Hopp til innhold

- Dette hadde eg aldri trudd

Trompetist Arve Henriksen er glad og audmjuk over å bli nominert til Nordisk Råds Musikkpris.

Arve Henriksen
Foto: Oliver Heisch

Hør intervju

- Det er heilt fantastisk! Eg hadde aldri trudd eg ville bli vurdert i eit sånt selskap, så eg er litt forundra, seier ein glad Arve Henriksen.

Saman med trommeslagar Paal Nilssen-Love, har han blitt nominert til den prestisjetunge Nordisk Råds Musikkpris for 2009.

Tidlegare har mellom anna Mari Boine og komponist Natasha Barrett vunne den prestisjetunge prisen på 350 000 danske kroner.

Viktig motivasjon

Henriksen seier at denne anerkjenninga motiverer han til å halde fram å eksperimentere vidare.

- Eg held på med musikken heile tida, og det er mykje både medvind og motvind. Så når nokon synest ein er verdt ein slik nominasjon, er det noko å ta med seg vidare.

Jazzmedarbeidar i NRK, Erling Wicklund, trur nominasjonane vil stimulere norsk jazz positivt.

- Henriksen og Nilssen-Love er to heilt sentrale musikarar i den unge mellomgenerasjonen av søkjande improvisatørar. Dei to kandidatane kunne ikkje vore betre valde, dette er velfortent!

Særeigne musikarar

Paal Nilssen-Love

Paal Nilssen-Love.

Foto: Seth Tisue

Slik beskriv Wicklund Norges to priskandidatar:

- Henriksen er ein original som har vekt oppsikt internasjonalt heilt sidan trioen Veslefrekk for mange år sidan. No har han utvikla sitt heilt eige, unike uttrykk. Han er ein ettertrakta trompetist over heile Europa, og er ein av våre merkelegaste og mest særprega musikarar.

- Paal Nilssen-Love har spelt sidan han var fem år gamal og sat på fanget til Art Blakey. Han er ein evig søkjande musikar som har skapt interessante alliansar internasjonalt, og som trommeslagar er han er alltid på jakt etter det som ingen har høyrd før.

Større i utlandet

Norsk jazz er anerkjent internasjonalt, men får minder merksemd her heime. Wicklund meiner nivået på improvisasjonsmusikarane i Norge i dag burde tilseie noko anna.

- Det er merkeleg, men det verkar som om våre naboland er mykje meir merksame desse musikarane enn nordmenn er. Kanskje kan desse nominasjonane hjelpe på det?

Arve Henriksen trur dei to nominasjonane er eit godt bilete på norsk jazz i augneblinken.

- Det har kome ei heil røys av jazzmusikarar som held eit høgt internasjonalt nivå i Norge, og samtidig er breidda veldig stor.

Vinnaren blir offentleggjord 2. juni.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters