Hopp til innhold

Sjølvlærd og kontroversiell

Noregsaktuelle David Irving er ein av vår tids mest omdiskuterte historiske forfattarar, og er mellom anna anklaga for nazisympatiar.

David Irving
Foto: AP / ap

Den britiske forfattaren David John Cawdell Irving blei født i 1938, og ga ut si første bok «Und Deutschlands Stadte starben nicht» i 1963.

Han har gjort seg særs kontroversiell med sitt avvikande syn på omfanget av nazistane si jødeforfølging under andre verdskrig, og er nekta innreise i sju land.

I 2005 måtte han i fengsel i Austerrike i 13 månader, dømt for å ha fornekta holocaust under eit foredrag i 1989.

Sjølv meiner Irving at han ikkje benektar holocaust, sjølv om han har argumentert for at nazistane ikkje hadde ein medviten plan for jødedrap, og at gasskammera aldri eksisterte.

Han gjekk også til sak mot den amerikanske forskaren Deborah E. Lipstadt, då han følte seg injuriert i hennar bok «Denying the Holocaust: The Growing Assault on Truth and Memory (1994)» - men tapte saka.

Mange historiske biografiar

Som forfattar har Irving fordjupa seg i tysk nazisme og andre verdskrig.

Han har til dømes skrive biografiane «Hitler's War» (1977), «Goebbels: Mastermind of the Third Reich» (1996) og «Churchill's War» (1987).

Synet på nazismen Irving har forfekta gjennom forfattarskapen, har vorte viktig som ideologisk litteratur for nazistiske grupperingar verda over, og bøkene hans har selt særs godt.

Men på grunn av det kontroversielle rønydomsbiletet til Irving, meiner mange at han ikkje kan verte kalla historikar. Han møter også massiv motstand frå antirasistar og aktørar på både den politiske venstre- og høgresida.

Sjølvlærd historikar

David Irving
Foto: NRK

Irving har reist mykje rundt over heile Europa for å gjere undersøkjingar kring etterspelet av andre verdskrig.

Han snakkar fleire språk flytande, og har uttalt at "det å ha kunnskapar om dei største verdsspråka, gjer bøker meir interessante for lesaren. Då blir ikkje forskinga berre basert på notatar frå andre som nyttar ditt eige språk".

Irving er ikkje utdanna historikar, men har trass i anklagene for å vere ein nazivennleg historieforfalskar, fått anerkjenning for å ha avdekt nye historiske kjelder kring nazismen under andre verdskrig.

Han blei avvist av foreleggaren sin i 1997, og har sidan framstilt seg sjølv som ein "martyr av ytringsfridomen", og eit "offer for ein jødisk konspirasjon".

Noregsaktuell

David Irving blei noregsaktuell då Norsk Litteraturfestival på Lillehammer i fjor haust inviterte han til å snakke om festivaltemaet "sanning".

Etter massivt press frå oponionen, trekte festivalen invitasjonen attende. Men Irving annonserte at han likevel ville komme til Lillehammer under festivalen.

Tysdag 26. mai starta festivalen på Lillehammer - og Irving er no på plass i Noreg.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.