Hopp til innhold

Lyttarpris til Ugo Fermariello

- Viktig å ikkje la seg freiste av engelsk, sa ein glad prisvinnar. TV-prisen gjekk til tidenes yngste.

Ugo får prisen
Foto: Line Hødnebø

Riksmålsforbundet delte i ettermiddag ut sine tre, årlege medieprisar på Hotel Bristol i Oslo.

Lyttarprisen gjekk til Ugo Fermariello, som har vore programleiar og journalist i Kulturnytt på NRK P2 sidan 1996.

Juryen grunngjev prisutdelinga slik:

"Ugo Fermariello har eit rikt og variert vokabular, og han er frapperande sikker i syntaks, grammatikk og idiom. På toppen av det heile er han openbert kunnskapsrik og alltid vel førebudd når han opnar munnen framfor ein mikrofon."

Ugo Fermariello

Ugo Fermariello, programleiar i Kulturnytt på P2.

Foto: Steinarr Sommerset / NRK
- Ver ikkje redd for orda

Prisvinnaren la vekt på å vere medviten det norske språket i takketalen.

- Det er veldig viktig å hugse på det å snakke norsk på radio. Det er mange engelske freistingar, men ein bør omsetje ord der det let seg gjere. Ein bør heller ikkje vere redd for orda, eller for å nytte eit rikt språk.

Viktigst for tildelingen av årets Lytterpris er hans brede kompetanse som kulturjournalist, kombinert med et velpleiet språk, en tydelig artikulasjon som gjør at folk flest oppfatter det han sier, og en behagelig stemme.

Riksmålsforbundet

Fermariello har italienske røter, og utdanning frå London School of Economics and Political Science.

Han har tidlegare arbeidd i program som Sånn er livet, Dagsnytt 18, samt vore skrivande journalist i Dagbladet.

- Eg søkjer etter å vere ordentleg, fordi eg har innsett at det ikkje er enkelt å vere vittig, sa ein glad prisvinnar.

To historiske prisar

Stian Barsnes Simonsen

Stian Barsnes Simonsen.

Foto: Line Hødnebø / NRK

Tildelingane av dei to andre medieprisane, var historiske på kvar sin måte.

Sjåarprisen for TV gjekk til NRK-programleiar Stian Barsnes Simonsen, som er den yngste vinnaren av Riksmålsforbundets mediepris nokon gong.

Simonsen sa i talen sin at han er glad for å kunne formidle eit godt språk til norske barn, og takka dei litt strenge språklærarane han har hatt i barndomen, som alltid påpeika dei rette tinga.

Svein Egil Omdahl i Stavanger Aftenblad

Sven Egil Omdal.

Foto: NRK

Den eldste av dei tre prisane, Gullpennen, gjekk til Sven Egil Omdal som er journalist i Stavanger Aftenblad.

Omdal er den første journalisten som har motteke Gullpennen utan å jobbe i hovudstadspressa.

Juryen grunnga tildelinga med at Omdal med sine uredde og til dels nådelause meiningar skriv mediekommentarar som er blant dei aller beste i landet.

Symbolsk nok, men kanskje tilfeldig, siterte alle dei tre medieprisvinnarane riksmålsforfattar André Bjerke i sine takketalar.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober