21.11.2009

Fyll sommeren med gode bøker

Bok og sommer (Foto: Colourbox)

Stikk nasen i ei god bok, i solsteiken på stranda eller inne i regnet.

sommeranbefalinger (NRK)

Sommaren er høgsesong for late dagar, og gode bøker. Marta Norheim er bokmeldar i NRK, og deler sine beste bøker med deg her. Med dette lesestoffet i strandbagen, har du mykje å kose deg med.

Det beste frå i år

Marta Norheim (Foto:Ole Kaland/NRK)

NRK sin bokmeldar Marta Norheim anbefaler god sommarlitteratur.

Foto:Ole Kaland/NRK

Har du ikkje fått tid til å lese så mange av bøkene som har kome ut i 2009, kan dei følgjande fem bøkene vere ein god plass å starte.

Den prislønte finsk-estiske forfattaren Sofi Oksanen sin første roman, 'Stalins kyr', kom ut på norsk i år. Dette er ein djupt original roman om estisk historie og anoreksi, med skam som ein raud tråd gjennom historia.

'Stalins kyr' (Foto: Oktober forlag)

Om du heller vil drøyme deg vekk til andre verdsdelar og andre tidsepokar, kan du kaste deg over romanen 'Et hav av valmuer' av den indiske forfattaren Amitav Ghosh.

Marta Norheim er full av lovord om boka:

- Opiumskrigane vert sett frå indisk side, gjennom eit svært fargerikt persongalleri, fortel ho.

Sommarbøker frå 2009

  • Sofi Oksanen: Stalins kyr

  • Amitav Ghosh: Et hav av valmuer

  • Atle Næss: Din nestes eiendom

  • Anne Oterholm: Toget fra Ajaccio

  • Inghill Johansen: Forsvinne

Atle Næss sin roman 'Din nestes eiendom'er ein studie i framveksten av kapitalismen. Dette er ein kunnskapsmetta roman om krydder, kolonialisme og kjærleik

Om du kjenner for litt motstand, kan du finne fram Anne Oterholm sin nyaste roman 'Toget fra Ajaccio'. Dette er ein svært ubehageleg roman, men slett ikkje dårleg. Ein tilsynelatande enkel roman om ein far og to søner, men her krevst aktiv lesing for å få fullt utbyte.

«Dette er "feelbad"-litteratur på sitt beste.»

Marta Norheimom 'Toget frå Ajaccio'

Vert det for mykje med berre romanar, anbefaler Marta Norheim den vesle boka til Inghill Johansen. Lengda på tekstane i 'Forsvinne' varierer fra ei halv side til over ti sider. Dei lengste er små historier eller noveller, medan dei kortaste er nærmar seg poesi.


«Ei særprega, lita bok som ein rett og slett berre skal unne seg.»

Marta Norheimom 'Forsvinne'

Litt eldre sommarbøker

  • J.M. Coetzee: Vanære

  • Anne Proulx: Ville veier

  • Pramoedya Ananta Toer: Buru-kvartetten

  • A.S.Byatt: Besettelse

  • Elias Khoury: Yalo

Fleire gode bøker

Om bøkene frå i år alle er utlånte frå biblioteket, finst det mange godbitar frå nokre år tilbake.

J.M. Coetzee sin roman Vanære er ei desillusjonert historie frå det nye Sør-Afrika. Romanen Vanære fekk Bookerprisen i 1999, og J.M. Coetzee fekk Nobelprisen i litteratur i 2003.

Anne Proulx er kanskje mest kjend for den filmatiserte novella Brokeback Mountain. I 2006 kom novellesamlinga Ville veier - Nye historier frå Wyoming.

«Finst det nokon som skriv betre noveller enn Annie Proulx?»

Marta Norheim
Elias Khoury: Yalo. Aschehoug 2007 (Foto: Aschehoug)

Forfattaren Pramoedya Ananta Toer sat mange år i fangenskap på Buru-øya. Notatane frå denne tida, skribla ned på sigarettpapir og lappar, vart til fire romanar kalla Buru-kvartetten. Dette er moderne indonesisk historie i romanform.

A.S.Byatt sin roman Besettelse (1990) gjev deg lidenskap og kjærleik på mange nivå, ikkje minst på det litterære.

Ein ung libanesisk mann spionerer på kjærastar i skogen, og som etterpå må ta konsekvensane . Finn ut korleis det går i Elias Khoury sin roman 'Yalo'

  • Del dine gode leseopplevingar med fleire her!
(NRK)

Filmanmeldelser NRK Kultur

Anmeldelser bok

Anmeldelser musikk

Anmeldelser spill

Anmeldelser Scene

Anmeldelser Kunst

Neste sending: Kulturnytt

Kulturnytt

NRK1, lørdag 21.11. kl. 1.30 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/kulturnytt.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: kulturnytt@nrk.no

Telefon: 23 04 71 50

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK