Hopp til innhold

Nasjonalmuseet blir valkampsak

Opposisjonen samlar seg og gjer kampen om Nasjonalgalleriet til valkampsak.

nasjonalmuseet
Foto: NRK

Kampen om nytt Nasjonalmuseum, kva det skal innehalde, og om Nasjonalgalleriet framleis skal vere ein del av det, har ført til kraftige debattar dei siste månadane.

  • Les alt om Nasjonalmuseet her .

Og no seglar problematikken opp som ei valkampsak. Ein samla opposisjon på Stortinget ba i vår om å få det nye Nasjonalmuseet til full utgreiing, men dette blei avvist av regjeringspartia.

Opposisjonen meiner at dei bør samle seg om ein felles plan.

Viktig valkampsak

Trine Skei Grande (V)

Trine Skei Grande.

Foto: Audun Halaas/Venstre

- Eg trur nok at dette kjem til å bli ei sak som vi diskuterer i valkampen. Ønskjer folket ein breiare debatt, eller å behalde Nasjonalgalleriet, så blir det viktg å skifte regjering, seier Trine Skei Grande, nestleiar i Venstre.

Under handsaminga av revidert nasjonalbudsjett i Stortinget 16. juni, kalla kyrkje- og kulturminister Trond Giske det nye Nasjonalmuseet den største byggjesaka på kulturområdet sidan Operaen.

Og så langt var alle partia einige med statsråden. Men dette var også så langt semja strekte seg.

Venstre, Høgre og Krf hadde bede om å få sjølvstendig handsaming i Stortinget av nytt Nasjonalmuseum, noko dei ikkje fekk.

- Hadde statsråden venta til saka hadde blitt diskutert i Stortinget, hadde han kanskje unngått at Noreg no blir sett på med eit litt useriøst blikk i internasjonale arkitektmiljø. Vi ønskjer oss ein skikkeleg debatt, sa saksordførar Karin Woldseth frå Frp.

Arkitektkonkurransen går sin gang

Men ariktektkonkurransen om nytt Nasjonalmuseum som no er inne i første fase, må altså framleis gå sin gang - uten forankring i Stortinget.

Dokument 8-forslaget frå Venstre, Høgre og Krf om å få heile sakskomplekset til handsaming i Kulturkomiteen, blei avvist av kulturministeren og seinare også av regjeringspartia i Stortinget.

Trond Giske har heile tida meint det var unødvendig å gå via Stortinget i denne saka, slik det berre har vore gjort med Operaen tidlegare.

- Galskap å starte utan brei semje

Ola T. Lånke (KrF)

Ola Lånke.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Samanlikninga mellom Operaen og nytt Nasjonalmuseum har fått Ola Lånke i Krf til å nikke gjenkjennande.

Han var saksordførar for Operaen den gongen, og stiller seg uforståande til framgangsmåten.

- Å satse på byggjinga av eit nytt Nasjonalmuseum utan forankring i Stortinget, det er galskap. Operasaka sto fjellstøtt fordi den var så grundig diskutert. Denne saka kan fort bli ein koloss på leirføter.

Opposisjonen vil ha breidt forlik

Stortingsrepresentant Ulf Erik Knudsen

Ulf Erik Knudsen.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Hadde Stortignet fått handsame saka, ville avgjerdene vorte bindande uavhengig av regjeringar som kjem og går.

No vil opposisjonpartia i staden gjere nytt Nasjonalmuseum til valkampsak.

Fleire vil jobbe for eit breidt forlik der Nasjonalgalleriet er med.

- Vi i Venstre skulle ønskje at alle parti kunne samlast kring ei felles løysing, for det er eit stort økonomisk løft for Noreg å gjere dette, seier Skei Grande i Venstre.

Kulturpolitisk talsmann i FrP, Ulf Erik Knudsen, deler Skei Grandes syn.

- Vi ønskjer ei breiast mogeleg semje om eit så stort nasjonalt prosjekt. Ikkje at saka blir truga gjennom med nokre få stemmers overvekt, slik det faktisk skjedde no før sommarferien.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)