Oslo Spektrum var saman med Fornebu Arena dei einaste aktuelle kandidatane til å få arrangere Melodi Grand Prix 29. mai neste år.
I dag vart det avgjort at Fornebu Arena stakk av med sigeren.
- Det er heilt greitt at Fornebu Arena fekk arrangementet. Vi gratulerer dei med det, seier Wiggo Schie, dagleg leiar i Oslo Spektrum.
LES ÒG:
ALT OM:
For liten kapasitet
Hjå Oslo Spektrum er dei på ingen måte overraska over valet av Fornebu Arena.
- Vi trudde i utgangspunktet av vi hadde for liten kapasitet, og vi var eigentleg litt overraska over å verte spurde, seier Schie.
Wiggo Schie meiner at NRK har gjort ein skikkeleg jobb med dette, og at dei har teke ei gjennomtenkt avgjerd.
- Ein får noko og ein mistar noko. Eg trur dei kjem til å få til eit fantastisk arrangement, seier Schie.