Kommentartorar under minnestunda for Michael Jackson vert NRK-journalist Hanne Hoftun og Håkon Moslet, UNG-redaktør i NRK (og tidlegare musikksjef i NRK P3).
Christian Strand skal leie eit direktesendt program med gjester, i for- og etterkant av overføringa av minnestunda.
SJÅ:
LES ÒG:
LES ÒG:
Hanne Hoftun fortel at ho har fått god hjelp frå musikkarkivet i NRK til å førebu seg til minnestunda. Men ho er glad for å få med seg Håkon Moslet som Michael Jackson-ekspert.
- Eg er Michael Jackson-fan, men ingen ekspert, seier Hanne Hoftun.
Håkon Moslet seier at han alltid har vore fascinert av fenomenet Michael Jackson, og har sett han live tre gonger.
- Dette vert spennande. Det er ei spesiell popkulturell storhending, seier Håkon Moslet om minnestunda.
Avbraut ferien
Hoftun fortel at ho fekk førespurnad om å vere kommentator på fredag.
- Eigentleg skulle eg ha hatt ferie, men dette er ei historisk hending, så då var det heilt greitt å droppe eit par feriedagar, seier Hoftun.
Christian Strand var også på veg på ferie, då han fekk spørsmål om å delta i minnemarkeringa for Michael Jackson, som NRK skal ha i morgon.
- Eg er stor Michael Jackson-fan, så det var klart at eg måtte vere med på dette, seier Christian Strand.
Usikkert program
Programleiarane ynskjer at sendinga skal verte ein stor hyllest av popkongen Michael Jackson. Men kva som eigentleg skal skje under minnestunda i Staples Center er det førebels ingen som veit noko om.
Ei anonym kjelde seier til
at minnestunda skal opnast av Michael Jackson sin gode ven Diana Ross, og at Elizabeth Taylor skal halde minnetale. Kjelda opplyser også at Stevie Wonder, Justin Timberlake og Jennifer Hudson skal opptre under minnestunda.I tillegg skal stjerner som Beyoncé, Liza Minnelli, Jay-Z, Lionel Richie, Whitney Houston og Aretha Franklin stå på gjestelista.
- Ingenting er avklart. Vi veit ikkje kva som skal gå føre seg, om det vert ein religiøs seremoni, eller ein musikalsk hyllest med mange artistar, seier Hoftun.
- Det er vel ikkje utenkjeleg at store artistar som har samarbeidd med Michael Jackson, som Paul McCartney, Madonna og Justin Timberlake kjem til å bidra under minnestunda, trur Christian Strand.
NRK sender direkte
I tillegg til å sende sjølve minnestunda direkte frå kl. 19.00 på NRK2, skal NRK ha ei TV-sending både før og etter. Sendinga startar kl. 18.40 på NRK2, med Christian Strand som programleiar og gjester i studio.
Programmet i Staples Center skal ifølgje planen vere ferdig rundt kl. 22.00 norsk tid. Minnemarkeringa for Michael Jackson i NRK vil då verte avrunda med 30 min direktesending med gjester.