Hopp til innhold

Vil redde Drømmehagen

Ib Thomsen (Frp) krev at kulturministeren tek affære for å få Drømmehagen tilbake.

Drømmehagen
Foto: BBC

Norsktoppen-nei med Morgan Kane

Anniken Huitfeldt

Kulturminister Anniken Huitfeldt.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Bak seg har han ei aksjonsgruppe på over 21.500 Drømmehagen-fans. No må kulturminister Anniken Huitfelt svare Frp innan ei veke.

- Det er viktig å ha ein diskusjon omkring programtilbodet i NRK. Difor har vi mellom anna eit kringkastingsråd der også Frp har ein representant. Det vil vere i strid med kringkastingslova dersom eg overprøver avgjerslene til kringkastingssjefen. Det kjem eg ikkje til å gjere, seier Anniken Huitfeldt.

Vil sende eit signal

Ho synest at det er heilt greitt at politikarar har meiningar om programtilbodet til NRK, men at det er heilt opp til NRK korleis dei legg opp programma sine.

- Vi vil ikkje bryte den redaksjonelle fridomen til NRK, men å gje eit signal er heilt greitt. Dette er kanskje ikkje ei sak for Stortinget, men vi er ombudsmenn for det norske folket, og når så mange som 22 000 vil ha Drømmehagen tilbake bør vi ta det opp, meiner Ib Thomsen.

Stortingsrepresentant Ib Thomsen (Frp)

Ib Thomsen (Frp) meiner kulturministeren må gripe inn.

Foto: Knut Falch / Scanpix

Thomsen meiner at kulturministeren må kunne nemne dette for NRK, utan at ein dermed går inn og styrer. Han viser til at program som Norge Rundt og Løvebakken har vorte nedlagt, men vorte starta opp igjen etter sjåarstorm.

- Eg har veldig mange meiningar om NRK, men eg ringjer ikkje og prøver å påverke korleis NRK legg opp sine program. Eg trur det norske folket skal vere glad for at det ikkje er Stortinget som skal bestemmer kva som til ei kvar tid vert sendt, seier kulturministeren.

Frp har tidlegare kravd at dåverande kulturminister Trond Giske måtte få NRK til å ikkje leggje ned radioprogrammet Norsktoppen, utan at dette førte fram.

- Trassig av NRK

Drømmehagen vart fram til nyttår sendt måndag til fredag kl 17.30, med to-fireåringar som målgrupp. Men no har Drømmehagen vorte flytta til føremiddagane på NRK Super. Det synest ikkje Nils Stokke, programredaktør for NRK Super, er noko stort problem, fordi ein alltids kan ta opp sendingane og vise dei til borna på det tidspunktet ein sjølv vil.

- Programma som går i denne sendeflata er framleis meint for dei minste borna, sjølv om Drømmehagen ikkje lenger går på dette tidspunktet, seier Nils Stokke, programredaktør for NRK Super.

Stokke seier at dei varierer sendeskjemaet ofte, for å skape eit best mogleg totaltilbod.

- Vi visste at dette var eit svært populært program, men at dei nye programma også er det, seier Stokke.

- Eg opplever dette som trassig frå NRK si side, når 21.000 menneske ber om å flytte programmet tilbake, må ikkje NRK vere like trassig som ein fireåring, men heller lytte til lisensbetalarane, seier Ib Thomsen.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters