Hopp til innhold

Meiningane delte om bokstrøyming

– Folk vil betale for ei ny oppleving av å lese bøker, meiner Anders Storbråten. Han er gründer og direktør i e-bokdistributøren Emviem, som lanserer ei strøymeteneste for bøker, eit såkalla «bok-Spotify».

Streaming

LANSERER 'BOKSPOTIFY': Den norske e-bokdistributøren Emviem vil gjere litteraturen lettare tilgjengeleg gjennom strøyming.

Foto: Scanpix / Montasje

– Vi vil gjere e-bøker lettare tilgjengelege, og gjere det meir sosialt å lese, seier Storbråten.

Med abonnementstenesta, førebels kalla «bok-Spotify», skal det bli enkelt å skaffe seg boka ein vil ha, og å dele lesaropplevinga med andre. Strøymetenesta skal etter planen lanserast i fleire nordiske land i mai, men Storbråten vil førebels ikkje seie kva land dette gjeld.

Alt før tenesta blir mogleg å prøve ut for folk flest, møter bokstrøyminga hard kritikk.

– Vi forbruker bøker på andre måtar enn musikk

Forfattar og bloggar Eirik Newth er blant dei skeptiske.

Bøker

SKAL STRØYMAST: 'Bok-Spotify' skal gjere bøkene lettare å bere og lettare tilgjengelege.

Foto: Scanpix

– Eg har inga tru på dette. Sjølv i verdas mestlesande land per innbyggar, les vi ikkje nok til at dette kan gå rundt økonomisk, trur Newth.

Han hevdar dessutan at Spotify er tufta på eit heilt anna brukarmønster og forbruk av musikken.

– Vi lyttar til musikk på ein heilt annan måte enn vi les bøker. Musikken tek vi med oss på joggetur og til husarbeidet, og vi konsumerer musikk kvar dag, fleire gonger dagleg. Ei bok tek vi opp sjeldnare, men for lengre stunder om gongen, seier bloggaren, som også er ein ivrig brukar av nettstader for boklesarar, som Bokelskere og Goodreads.

Han meiner dei bokinteresserte har det dei treng i digitale lesarrom som desse.

– Eg forstår ikkje kven dette «bok-Spotify» er meint for. Det held ikkje å klistre på ein merkelapp om at det er «sosialt», og så tru at ein skal nå ut til alle, seier Newth.

Eirik Newth, astrofysiker og forfatter

HAR INGA TRU PÅ BOKSTRØYMING: Bloggar og forfattar Eirik Newth.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Trur ikkje nordmenn greier det Amazon ikkje fekk til

Han peikar på nettbutikken Amazon, som måtte leggje planane om bokstrøyming på is. Aktørar i bokbransjen ville ikkje vere med på vilkåra, og Amazon vurderte det slik at det ikkje var pengar å hente i strøyming av bøker.

– Når verdas største bokhandel ikkje maktar å dra dette i gang, korleis skal ein få det til i Noreg, med så få potensielle brukarar av tenesta? lurer Newth.

– Ikkje lett å vere Reodor Felgen

Storbråten blir oppgjeven over det han kallar håplaus kritikk.

– Kritikarane har oftast ikkje gjort noko sjølve for å bringe litteraturen ut til folk via nye kanalar. Det er ikkje lett å vere ein «Reodor Felgen» og å etablere seg i kultur-Noreg, seier han, og ønskjer seg gjerne ein telefon frå kulturminister Hadia Tajik, om tilrettelegginga for bokstrøyming i Noreg.

Han vil også ha meir kontakt med dei andre aktørane i bokbransjen.

– Forfattarane må rope ut at dei vil straumast

– Sidan vi begynte arbeidet med denne tenesta, er vi blitt haldne på avstand av dei store forlaga, fortel Storbråten, og siktar til at dei største norske forlaga først var skeptiske til å la sine forfattarar kunne strøymast med uviss inntening.

Men no ligg reglane til rette for at forlag og forfattarar kan avtale korleis innteninga på eventuell strøyming skal fordelast dei imellom.

Storbråten meiner strøyming vil kome særleg dei smalare, mindre kjende forfattarane til gode, og seier det må vere opp til dei å melde ifrå til forlaga sine dersom dei vil bli tilgjengelege via «bok-Spotify», som skal lanserast under eit anna namn.

Trur fastprisen blir vanskeleg

Newth trur likevel at strøymetenesta vil la vente på seg. I Noreg har bøkene ein fast pris og kan seljast med rabatt på maksimalt 12,5 prosent frå boka blir utgjeven og fram til 1. mai året etter. Denne fastprisperioden vil kunne gjere det ugunstig for forlag og forfattar å leggje nye bøker ut for strøyming.

Han trur difor strøymetenesta vil måtte starte i land med fripris på bøker, som Finland eller Danmark, sjølv om norske bøker er dyrare og slik kunne ha vore meir innbringande.

Vil ikkje ha servert B-vare

Kulturkommentator i Aftenposten, Vidar Kvalshaug, trur også det kan bli vanskeleg for Emviem å gjere nyare litteratur tilgjengeleg for strøyming i overskodeleg framtid.

Forfatter Vidar Kvalshaug

VIL IKKJE HA B-VARE: Kulturkommentator Vidar Kvalshaug håpar Emviem vil satse på kvalitet framfor tempo i marknadsføringa.

Foto: Anders Malm / NRK

– Viss løysinga for Emviem blir å kome raskt ut på marknaden, men med berre gamle bøker i bagasjen, som i tillegg kostar pengar, ser eg ikkje korleis dei skal greie seg i konkurransen med gratis bibliotektenester som bokhylla.no, seier Kvalshaug.

– Dei må først og fremst kunne tilby oss som lesarar noko unikt, og dei må satse på dette som ein sosial stad for lesing. Eg håpar dei greier å utvikle kvaliteten høgt nok innan vi lesarar får bruke tenesta, å få servert B-vare i denne samanhengen hadde vore veldig synd, meiner Kvalshaug.

Han viser til e-boktenesta Bokskya, som fekk svært hard medfart for å vere kronglete og lite brukarvennleg.

Kvalshaug meiner ei strøymeteneste må utarbeidast grundig og sleppast på folket først når ho er klar, då vil også lesarane vere det.

– Lurt å begynne med det gamle

Administrerande direktør i Den norske Forleggerforening, Kristenn Einarsson, trur det kan vere naudsynt å begynne i det små, altså med eldre bøker, før ein kan byggje ut til ein større «ferskvaredisk» av litteratur. Han er i første omgang spent på om forbruket av bøker som «bok-Spotify» legg til grunn, vil slå an mellom lesarane.

– Eg for min del kjenner ikkje behovet for å lage leselister, eller lese bøker fleire gonger, seier han.

Leiar i Forfatterforeningen, Sigmund Løvåsen, trur tenesta på lengre sikt vil kunne vere gunstig for forfattarane ved at ho kan hjelpe dei til å nå nye lesarar. Han tenkjer då på dei som er vane med å bruke tilsvarande tenester for musikk.

Likevel er han usikker på om han sjølv ville ha lagt ei ny bok til i ei slik abonnementsteneste.

Sigmund Løvåsen

ER POSITIV TIL BOKSTRØYMING: Leiar i Forfatterforeningen, Sigmund Løvåsen.

Foto: Svein Erik Dahl

– Men eg ville heilt sikkert ha gjort det med dei eldre bøkene mine. Eg reknar ikkje bøker som utdaterte etter eitt år, så eg ser ikkje at det vil bli ei dårleg teneste sjølv om bøker frå dei siste åra ikkje er med, slik nokon kan hevde. Bøker er ikkje ferskvare, seier Løvåsen.

Gjer som Blodstrupmoen

Det er Storbråten samd i. På spørsmål om korleis han skal greie noko verken giganten Amazon eller andre har fått til, tyr han nok ein gong til forfattaren Kjell Aukrust sitt univers, og med eit smil.

– Eg får seie som Blodstrupmoen: Tidene will show, kanskje eg greier noko som andre ikkje har greidd? spør Storbråten sjølvsikkert.

Kulturstrøm

  • Eurovision-Joost risikerer tiltale

    Den nederlandske artisten Joost Klein (26) ble diskvalifisert fra Eurovision etter det som beskrives som «truende bevegelser mot kameraet». Han beskyldes for å ha oppført seg truende og aggressivt mot en fotograf på semifinalen.

    Mandag opplyser svensk politi at det er sannsynlig at artisten tiltales. Det melder blant annet Aftonbladet og Sydsvenskan.

    Politiet er allerede ferdig med en forundersøkelse, etter anmeldelse fredag og en rask saksgang. Ifølge sjef for utredningsjoursektionen i Malmö, Emil Andersson, er dato for når artisten skal møte i retten satt til begynnelsen av juni.

    Ifølge Expressen skal hendelsen ha skjedd backstage.

    Mandag ettermiddag melder RTL at Klein har forlatt Sverige. Ifølge kanalen ble Klein oppgitt av situasjonen i Sverige og dro hjem i et privatfly fra Roskilde flyplass i Danmark søndag kveld.

  • BAFTA TV-pris til «Squid Game: The Challenge»

    Søndag var tiden kommet til TV-delen av British Academy of Film and Television Arts-prisutdelingen, bedre kjent som BAFTA.

    Netflix' «Top Boy» vant som beste dramaserie, foran blant annet «Happy Valley» og «Slow Horses».

    Sarah Lancashire, som spiller politibetjent Catherine Cawood i «Happy Valley», en av seriene NRKs Filmpolitiet kåret til årets beste i fjor, fikk BAFTA-pris for beste kvinnelige hovedrolle.

    Timothy Spall vant pris for beste mannlige hovedrolle, for miniserien «The Sixth Commandment» på BBC, mens «Top Boys» Jasmine Jobson vant for beste kvinnelige birolle.

    Skuespiller Matthew MacFadyen, som gjennom fire sesonger spilte Roy-familiens vedheng Tom i «Succession», vant prisen for beste mannlige birolle.

    En scene fra realityserien «Squid Game: The Challenge» på Netflix. Det viser deltakere i rosa heldresser og sorte masker med geometriske tegn på.
    Foto: COURTESY OF NETFLIX
  • Skuespiller Steve Buscemi slått i ansiktet på åpen gate i New York

    Skuespilleren Steve Buscemi er i god form etter at han ble slått i ansiktet av en mann på gata i New York, sier en talsperson for Hollywood-stjernen.

    Buscemi er kjent fra blant annet Fargo og Boardwalk Empire. I uttalelsen står det at han var et offer for tilfeldig vold onsdag.

    Også Buscemis kollega fra TV-serien «Boardwalk Empire», Michael Stuhlbarg, ble utsatt for vold i New York. I mars ble han slått i nakken med en stein i Central Park. Stuhlbarg løp selv etter angriperen, som så ble pågrepet av politi utenfor parken.

    Steve Buscemi
    Foto: AP