Hopp til innhold

Skjebnestunder ved porten til helvete

For to år sidan kalla eg Hilde Lindset for ein lovande debutant etter å ha lese novellesamlinga «Jeg burde ha sperret deg inne». No er bok nummer to, «Helvetesporten» ute. Held Lindset det ho lova i debutsamlinga?

Hilde Lindset

Hilde Lindset innfrir her det ho lova i debutboka.

Foto: Dagfinn Hobæk / Cappelen Damm

Lat meg gå inn i boka via den meiningstunge tittelen. "Inn gjennom meg går de til jammerheimen", står det skrive over helvetesporten i Dantes berømte bok «Den guddomlege komedien». Og det står meir, heilt til slutt står det "Lat all von fare, de som inn lyt skride".

Uopprettelege val

Helvetesporten av Rodin

Helvetesporten var Rodins første store folkeprosjekt og ble hans mest berømte.

Foto: Wikipedia

Mange kunstnarar har latt seg inspirere av Dantes intense skildringar av den andre verda; ein av dei er skulptøren Rodin som faktisk lagde ein port han kalla for Helvetesporten.

Og no har Hilde Lindset skrive ei novellesamling der Rodins port går igjen i to av tekstane og Rodin sjølv er til stades i den tredje.

Dermed har eg slått fast minst to ting: Det eine er at her berre er tre noveller. Når den første er på over 100 sider kan ein diskutere om novelle er ordet, men lat gå. Det andre er at tittelen vitnar om alvor og uopprettelege val. Og ut av dette siste følgjer eit tredje: Når Hilde Lindset knyter seg til klassikarar innan kunsten på denne måten, vitnar det om store ambisjonar.

Par ved porten

Hjå Lindset står tre par i sentrum. Først forfattaren med skrivesperre og kona hans som er sjølvoppofrande - eller kanskje det går an å finne heilt andre namn på det ho er; forfattaren får inspirasjon til andre og mindre flatterande karakterstikkar og det nettopp framfor Helvetesporten.

Det andre paret er ein aldrande komponist som har innleidd eit forhold til ein ung student. Hans store verk, Helvetesporten, skal uroppførast i USA men han og den hemmelege kjærasten blir sitjande oskefast på Island.
I ein kort siste tekst spionerer sambuaren Rose på Rodin, ho trur han har ei elskerinne men det viser seg han skal studere ein gotisk katedral. No er det godt kjent at Rodin hadde ei ung elskerinne også på sine eldre dagar, men ho er altså ikkje med her.

Alt som ikkje blir sagt

Hilde Lindset stiller gjennom desse tre historiene spørsmål om korleis kunstnaren oppfører seg i nært samliv med andre, kjærastar men også barn. Ja, dei er sjølvopptekne, fjerne, upålitelege, ute etter erfaringar og arbeidsforhold som set i gang dei magiske skapingsprosessane. Forholdet mellom sex og skaparevne blir utforska utanfor dei etablerte mann-og-kone-konstellasjonane. Spørsmålet blir ikkje om dette er forkasteleg, men heller kva den andre då vel å gjere.

På eit meir alment plan handlar det om alt det dei involverte ikkje seier til kvarandre av det dei tenkjer og det dei gjer, og kva slikt kan føre til av mistankar, fantasiar og - spionasje.

På eit meir alment plan handlar det om alt det dei involverte ikkje seier til kvarandre av det dei tenkjer og det dei gjer, og kva slikt kan føre til av mistankar, fantasiar og - spionasje. "Fordekte gjerningar" var tittelen på kritikken eg skreiv om Lindsets første novellesamling; denne her kunne heitt det same og i alle fall fanga opp noko av det den nyaste samlinga går inn i.

Det moderne helvete

Lindset er god til å lage tilforlatelege situasjonar og stemningsskift som nesten ikkje er til å halde ut. I eit sekulært, moderne samfunn er kanskje helvete den andre, og jammerheimen den daglege plage i det livet som jo burde vere lykkeleg, så godt som vi har det her i verdas rikaste land. Hilde Lindset har imponerande kontroll på dei litterære verkemidla og skriv ein interessant og ubehageleg prosa. Og ja, om nokon skulle vere i tvil etter dette: ho innfrir her det ho lova i debutboka.