Hopp til innhold
Anmeldelse

Litterært gull frå Spania

Ein romandebutant frå Sevilla har nådd våre strender. Denne sjeldne hendinga blir forståeleg når ein ser kva slags bok Jesús Carrascos «Under åpen himmel» er.

Jesús Carrasco

Jesús Carrasco har skrive ein filmatisk roman om ein liten kropp som går aleine gjennom ingenmannslandet, ei forteljing som når langt ut over seg sjølv.

Scenen er eit goldt og tørt landskap som strekkjer seg uendeleg i alle retningar. Ein liten kropp går aleine gjennom ingenmannslandet. Det er ein ung gut, han er på flukt, han har altså rømt frå noko som er verre enn dette. Desperat etter mat og vatn snik han seg inn mot eit einsleg lite bål under nattehimmelen og prøver å stele sekken til den gamle geitepassaren som sit aleine ved bålet i natta.

Prosjektet er mislukka, gamlingen ved bålet oppdagar han, men let guten slå følgje med seg. Så er dei to som vandrar gjennom det golde landskapet. Dei overlever så vidt det er på geitemjølk, rotter og anna dei greier å få fatt på med gamlingens kløkt og gutens raske bein. Vandringa har to føremål: Å overleve, og å ikkje hamne i klørne på dei som er ute etter guten.

Forfattaren held historia stramt og målar scenene med ein filmregissørs sans for rom, lys og skugge.

Marta Norheim, bokmeldar

Rapport frå eit brutalt samfunn

Historia er strippa for namn på folk og stader, også gutens motiv for å stikke av frå landsbyen får liggje i det dunkle inntil det nærmar seg slutten. Gradvis forstår lesaren - og gamlingen - korleis det er fatt. Det er ei brutal historie om fattige som har lite å stille opp med, og om brutaliteten i eit samfunn der hakkelova får gjelde. Til og med humaniteten og nestekjærleiken er brutal i dette samfunnet, men trass i dette er humaniteten der heile tida som eit val, rettnok eit val som kostar.

Smart økonomisering med kjenslene

Forfattaren held historia stramt og målar scenene med ein filmregissørs sans for rom, lys og skugge. Han økonomiserer med kjenslene og vel å konsentrere romanen kring arbeidet for det heilt basale: Mat, vatn, fridom. Geitene, himmelretningane, soveplassar. Dette er gode val; å sleppe laus emosjonar i dette tørre universet ville fått historia til å drukne i sentimentalitet, og lesaren til å svulme av medkjensle for dei to stakkarane under ein hard himmel. I staden får vi ei naken historie om menneskeleg og umenneskeleg åtferd i randsonene av eksistensen. Og kanskje ikkje berre der. Det nedstrippa og namnlause gjer at dette blir ei forteljing som når langt ut over seg sjølv.