Hopp til innhold

Bokmelding: Smalehovud ved sirkelens ende

Eg høyrer til dei som synst at smalehovud er glimrande mat. Men den skallen Undis ser på tallerkenen sin, verkar ekstremt ekkel. Hennar perspektiv blir mitt, for ei lita stund. Slik går det også an å avsløre god kunst.

Gunnhild Øyehaug

Det er drivande godt skildra, det er skarpt og det er frykteleg og det er høgst gjenkjenneleg, skriv bokmeldar Marta Norheim om Gunnhild Øyehaugs nye roman «Undis Brekke».

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Møt Undis (38), litteraturvitar. For 15 år sidan forlet ho Distriktshøgskolen i Eitre (som liknar veldig på Volda) og kom seg til til Bergen. Ho skulle aldri returnere. Men i starten av romanen Undis Brekke har lagnaden ført henne tilbake, som lærar denne gongen. Undis har gått ein runde på banen og har møtt sin bane og nei, blødmene er ikkje tilfeldige.

Ikkje berre tyder namnet Undis "ho som er elska av nornene" og nornene er jo dei som styrer banen til folk. Undis er også oppteken av egget som ikkje har kjemiske, enn seie magnetiske, eigenskapar for å trekkje til seg sædceller. Risikoen er stor for at cella "kan symje tett forbi eit egg, utan å reagere. Rett og slett flumse forbi, vips, sjølve livet, som i verdas aller første antiklimaks. (…)..det handlar om retning. Bane."

Nornespinn og PMS

Undis Brekke,

«Undis Brekke» av Gunnhild Øyehaug. Roman. Kolon forlag 2014.

Frå norner og lagnad og banar for eg'et går vegen via egget til PMS-plagene til Undis. Øyehaug er ein av dei forfattarane som verkeleg meistrar kunsten å zoome raskt inn og ut, vi går frå makro til nano på ei setning og det kan sjå ut til at Undis slit litt med å henge med.

I alle fall greier ho å gjere PMS-plagene sine til eit verdsproblem.

Mykje av den 128 sider korte romanen spelar seg ut ved bordet, mens smalehovuda stroknar i sitt eige feitt på tallerkane. Over kvart døde hovud vippar knollen til ein av dei nye kollegaene. Og gjennom praten, gjennom det som slepper ut mellom dei sauegrå tennene til litteraturstaben på distrikshøgskulen i Eitre (som ikkje skal forvekslast med Volda, håpar eg), gjennom det som blir sagt og det som ikkje blir sagt denne kvelden ser vi den indiskrete sjarmløysa til eit DH og ei bygd som det er lett å forstå at Undis ville bort frå.

Øyehaug er ein av dei forfattarane som verkeleg meistrar kunsten å zoome raskt inn og ut, vi går frå makro til nano på ei setning og det kan sjå ut til at Undis slit litt med å henge med.

Marta Norheim, bokmeldar

Når eg likevel møter eit anna eg

Det er drivande godt skildra, det er skarpt og det er frykteleg og det er høgst gjenkjenneleg - også for den som aldri har sett sine bein på ein distriktshøgskule, berre så det er nemnt. Men romanen har meir på samvetet enn uthenging av eit lærarkollegium som har hatt litt for god tid til å bli kjent med unotane til kvarandre.

Det handlar også om at Undis kan ha grundige kunnskapar om det tilfeldige ved banane alt går i, men når Mannen dukkar opp på festen er tiltrekkinga like sterk som fråstøytinga ho kjende andsynes smalehovudet.

Øyehaug dokumenterter raust at kunnskap og kjensler kan kome på kraftig kollisjonskurs, at det går an å gjere idiotiske ting på same tid som ein tenkjer at dette er idiotisk, og at det går an å nære sterke lidenskapar både for Mannen og Litteraturen sjølv om ein er feit ifølgje ein kollega og lettare patetisk ifølgje ein student som fann det naturleg å nemne nett det i debutromanen sin.

Eg, i og utanfor litteraturen

Undis har mange sider og nokon av dei er små og latterlege, andre er det ikkje. Det same gjeld kollegaene hennar. Romanen «Undis Brekke» er ei tett historie der ulike element blir knept så hardt saman at dei smittar over.

Ein ting er egget og eg'et. Ein annan er diskusjonen om ordet "eg" i litteraturen, ein diskusjon som får lov til å kommentere livet slik det ytrar seg, til dømes på ein kollegial middag, til dømes i Eitre.

Dei brå zoomingane og alle laga som ligg der og snakkar med kvarandre gjer romanen til ein fest å lese. "Fest" som i "no har eg opplevd noko nytt, interessant og dessutan moro", ikkje som i "smalehovudkalas med kollegaer i Eitre".