Hopp til innhold

– Det begynner å bli pinleg

– Anten må dei no gi meg prisen, eller så må dei slutte å nominere meg. Det begynner å bli pinleg, seier Tomas Espedal om å vere nominert til Nordisk råds litteraturpris for tredje gong.

Forfattar Tomas Espedal fortel programleiar Hans Olav Brenner om korleis det er å vere nominert til Nordisk råds litteraturpris for tredje gong.

Tomas Espedal synest det nærast er pinleg å vere nominert til Nordisk råds litteraturpris for tredje gong.

Espedal er nok ein gong blant dei som kan få namnet sitt ropt opp, når den største litteraturprisen for nordiske forfattarar blir delt ut i Stadshuset i Stockholm onsdag kveld. Han er nominert med romanen Bergeners.

Får han prisen, blir han 350.000 danske kroner rikare. Dersom han må klappe fram ein annan til scena, vil han etter eige seiande helst sleppe å vente forgjeves igjen.

Sjå Tomas Espedal i samtale med Hans Olav Brenner i «Brenner og bøkene» sin nettspesial om forfattaren i videoen over.

Skal vere alvorleg og ikkje heilt edru

Men det er første gongen han fysisk er til stades under utdelinga.

– Eg liker ikkje sånne ting. Så no når eg reiser ned til Stockholm blir det ei slags øving, seier Espedal, og viser til forfattarkollega Jon Fosse, som han meiner må ha god trening i å vente på den norske Brageprisen. Fosse har vore nominert fem gonger.

– Eg skal sjå veldig sånn alvorleg ut. Og kanskje ikkje heilt edru, spår bergensaren om eigen innsats når han ventar i salen.

Saman med Mona Høvring og romanen hennar Camillas lange netter representerer han Noreg i årets utdeling.

– Litt irriterande å få fleire lesarar

Men å bli nominert til Nordens gjevaste litteraturpris er òg alvor for forfattaren. Lenge var han kritikarrost, men utan den store lesarskaren.

– I nesten tjuefem år hadde eg om lag åtte hundre lesarar. Kvar bok eg skreiv selde i åtte hundre eksemplar, til meir eller mindre den same gjengen bergensarar, seier Espedal.

Bergeners er skriven nettopp om og for Espedals gjeng av venner og forfattarar i vestlandsbyen.

– Men så, med -boka, som blei nominert til Nordisk råd, fekk eg 17.000 nye lesarar. Og dette kan høyrast ut som ein fin ting, men det er også litt irriterande, meiner forfattaren, som blei allemannseige i heimlandet med den sjølvutleverande romanen Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv i 2006. Etter dette blei bøkene hans omsette til fleire språk.

– Fører til mykje reising, drikking og røyking

Han samanliknar vendepunktet i sitt eige forfattarliv med oppsvinget Merethe Lindstrøm fekk då ho mottok Nordisk råds litteraturpris for to år sidan. Ho var også ein verkeleg god forfattar i mange år, men utan at ho tente pengar, seier Espedal.

– Så blir ho nominert, og får prisen, og plutseleg har ho lesarar overalt, ho sel og reiser rundt på forlaga og alle jublar. Men altså, slapp no av, seier den tredjegongsnominerte forfattaren.

Han har eit ambivalent syn på det å vinne prisar i det heile.

– Det er veldig bra, for du får dei pengane. Samtidig fører det til mykje reising og drikking og festivalar og røyking, og, ja, eg skal ikkje snakke om alt, seier Espedal.

Like før prisen skal delast ut vil han ikkje kommentere ytterlegare, men han meddeler på sms at sola skin og at han nyt «gode dager i Stockholm».

Nordmenn som er nominerte fleire gonger til Nordisk råds litteraturpris

  • Dag Solstad, nominert fire gonger, vunne éin gong
  • Johan Borgen, nominert tre gonger, vunne éin gong
  • Herbjørg Wassmo, nominert to gonger, vunne éin gong
  • Merethe Lindstrøm, nominert to gonger, vunne éin gong
  • Per Petterson, nominert to gonger, vunne éin gong
  • Tarjei Vesaas, nominert to gonger, vunne éin gong
  • Stein Mehren, nominert sju gonger
  • Rolf Jacobsen, nominert fire gonger
  • Edvard Hoem, nominert fire gonger
  • Tomas Espedal, nominert tre gonger
  • Bjørg Vik, nominert tre gonger
  • Kåre Holt, nominert tre gonger
  • Karl Ove Knausgård, nominert to gonger
  • Jens Bjørneboe, nominert to gonger
  • Jan Erik Vold, nominert to gonger
  • Øyvind Rimbereid, nominert to gonger
  • Tor Åge Bringsværd, nominert to gonger
  • Hans Herbjørnsrud, nominert to gonger
  • Carl Frode Tiller, nominert to gonger
  • Liv Køltzow, nominert to gonger
  • Roy Jacobsen, nominert to gonger

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober