Ein fagjury i NRKbok har nominert seks romanar, og ein lyttarjury kårar vinnaren. Ein av desse seks romanane får prisen. (Rekkjefølgja romanane blir presentert i er tilfeldig.)
«Sju dagar i august »av Brit Bildøen
Korleis kan ein leve etter å ha mist dotter si for kulene til ein terrorist? Ugjerningane frå 22. juli 2011 ligg over ekteparet i forteljinga som ei smerte dei mest ikkje kan bere. Klima-utfordringa blir og diskutert i denne kloke romanen som syner kor tett det kan vere mellom kvardagsleg lukke og den store katastrofa.
- Les også: Bokmeldinga
«Sju dager i september» av Jørgen Gunnerud
I «Sju dager i september» følgjer vi tre miljø gjennom ei dramatisk veke i 1942: Tyske bombeflygarar, og unge Kristian frå Oslo skal dokumentere samisk arkitektur i området. Så er det dei fastbuande: sjøsamar og norske fiskarar. Møtepunktet er Finnmark. Gjennom møte og konfrontasjonar mellom dei ulike får Gunnerud både sagt noko om krigshandlingar og om kva ekstreme situasjonar gjer med folk.
- Les også: Bokmeldinga
«Ensomheten i Lydia Ernemanns liv» av Rune Christiansen
Den svenske veterinæren Lydia får seg jobb i Noreg, langt frå familie og vener. Men Lydia trivst i sitt eige selskap og ikkje minst trivst ho i lag med dyr. Det er noko forsona i skildringa av kvinna som lever i pakt med seg sjølv og naturen. Forteljinga vitnar om ei utsøkt språkkjensle hos forfattaren.
- Les også: Bokmeldinga
«Harpesang» av Levi Henriksen
Ein framand rir inn i den fiktive hedmarksbygda Skogli der han skal vere fadder for barnet til kameraten sin. Den framande er ein bakfull og desillusjonert plateprodusent, som finn trua både på musikken og kanskje meir til etter å ha høyrt tre blad Thorsen synge med i salmane frå kyrkjebenken under dåpsgudstenesta. Kven er dei? Blir det plate? Og kva skjer med plateprodusenten? «Harpeklang» er ei fargerik historie frå Skogli med himmelske overtonar.
- Les også: Bokmeldinga
- Høyr:
«Guds barn» av Lars Petter Sveen
Romanen tek oss tilbake til Jesu tid. Men hovudpersonen i evangelia kjem lite til orde her. I staden møter vi romerske soldatar og religiøse ekstremistar, landevegsrøvarar og kvinner; døde som levande. Mange av desse får fortelje sine eigne historier og desse historiene er sjølve romanen. Eit djupt originalt verk i det norske bokåret 2014.
- Høyr også:
«Tyskland» av Liv Mossige
Hanne er ikkje som alle andre. Ho bur saman med mor og søster. Dette er under krigen, og søstera er kjærast med ein tysk soldat. Når freden kjem, meiner Hanne at ho skal oppsøkje tyskaren og ho legg ut på den lange reisa- til fots. Hendingane i "Tyskland" er sett og sansa av Hanne og denne synsvinkelen gir både krigen og vandringa eit nesten tidlaust, eventyraktig preg. "Tyskland" er i høgste grad ein annleis roman om krigen.
Bli med og diskutér finalistane!
Medlemmene i årets lyttarjury på seks personar er no klar, etter vurdering av drygt hundre kandidatar. Dei sit rundt om i landet og er i gang med lesing av dei seks bøkene. Diskusjonane kjem på radio i januar 2015 og du kan bli med på diskusjonane på Facebook og Twitter.
- Les også:
- Les også: , som vant Romaprisen for «Fugletribunalet» i 2013.
- Les også: , som vant Romanprisen i 2012 for «Og været skiftet og det ble sommer og så videre».
- Oppdatering: Lørdag 31. januar er disse tre romanene med i finalerunden
Sju dagar i august av Brit Bildøen
Ensomheten i Lydia Ernemanns liv av Rune Christiansen
Guds barn av Lars Petter Sveen