Hopp til innhold

- Erotikk er også politisk

Har ikkje Nygårdshaug fått med seg at også det personlege er politisk, og at samliv, barndom og traumer ikkje er ei spesiell damegreie, spør Marta Norheim.

Marta Norheim
Foto: Leif Ekle / NRK

I Dagbladet mandag hevda Gert Nygårdshaug at norske forfattarar, og spesielt kvinnelege, skriv om små spørsmål som erotikk, traumatisk oppvekst og skilsmisser. Etter Bergljot Hobæk Haff er det ingen kvinnelege forfattarar som skriv om store spørsmål.

Slike utspel er det lett å harselere med, meiner eg.

Har ikkje Nygårdshaug fått med seg at det personlege er politisk, at nettopp barndom og traumer og samliv er barometer for den tida og det samfunnet vi lever i, og det er ikkje ei spesiell damegreie: Kafka skreiv om små menn som levde små liv i mellomkrigstida, men mange vil meine at han - som få andre - greidde å skape eit bilde av si tid. Mange vil også meine at han skreiv stor litteratur.

Det personlege er - eller for ikkje å ta for hardt i - kan vere politisk.

For det andre: Erotikk og barndomstraumer er blant dei mest brukte rekvisittane i det store norske litteraturprosjektet, der har menn og kvinner forsynt seg like grovt og frimodig dei siste par tiåra.

Så langt er det lett å motgå argumenta til Nygårdshaug. Men her blir det verre: For viss ein tilgjev forfattaren den litt lausaktige omgangen med ordet stor, og ser på litteratur som på ein meir direkte og eksplisitt måte tek opp samfunnspørsmål, ja, så er det faktisk ein forskjell: Der Fløgstad og Hoem og Michelet og Kjærstad og Eggen og fleire har skrive romanar med ambisjonar om å skildre samfunnet og dei prosessane som går føre seg i det opne og ikkje minst i det skjulte, er det vesentleg tynnare i kvinnehylla. Det er det. Vi har Tove Nilsen, vi har alle dei nye som skriv innsiktsfullt om andre verdsdelar, slike som filmaktuelle Sara Johnsen, vidare: Tania Michelet, Astrid Nordang og Adelheid Seyfarth. Der fekk Nygårdshaug nokon gode lesetips, mens kvinnene gjerne kan tenkje over om dei går og rugar på den store romanen om samfunnet vi lever i. Men pass på: Det går an å skrive svært små og uviktige bøker om store emne også.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober