Hopp til innhold
Anmeldelse

Den bitre kunnskapen reisene gjev

Helga Flatland spelar høgt med både Afghanistan og Baudelaire i debutromanen «Bli hvis du kan. Reis hvis du må.»

Bli hvis du kan. Reis hvis du må.

Eventyret får ein brå slutt i Helga Flatlands debutroman 'Bli hvis du kan. Reis hvis du må'.

Foto: Aschehoug forlag

Biografien er vår tids dominerande sjanger, og i skjønnlitteraturen er sjølvbiografiske trekk i ferd med å bli regelen heller enn unntaket. Når ein kvinneleg debutant vel å skrive om tre unge menn som vervar seg til militære operasjonar i Afghanistan, ja, så vekkjer det straks interesse,- her er det nokon som går i heilt motsett retning.

Bli hvis du kan. Reis hvis du må.

Boka 'Bli hvis du kan. Reis hvis du må.' er debutboka til Helga Flatland.

Foto: Aschehoug forlag

Når denne forfattaren også frekt og freidig hentar tittelen på debutromanen sin frå eit vers i eit Baudelairedikt som rett og slett heiter "Reisa", men som handlar om svært mykje meir enn det å ta seg ein tur, ja, då er det ikkje berre snakk om interesse, då er det snakk om forventningar, store forventningar.

Forveksling med reisedraumar

Og det er nesten litt synd, for romanen "Bli hvis du kan. Reis hvis du må." av Helga Flatland er ei riktig god bok, av den typen ein kallar ein ”lovande debut”.

Men den som ventar seg noko i retning det sublime suset frå Baudelaires reisedikt eller djupdykk i kva som får unge norske menn til å oppsøke krigen i Afghanistan, får nok ikkje forventningane oppfylt.

Det vi derimot får, er ei velkomponert og gjennomarbeidd historie for fire stemmer. To av dei unge mennene, ei mor og ein nabo får føre ordet i kvar sin bolk av romanen.

Dermed får ein eit samansett og nyansert bilde av livet i ei lita bygd, av bindingar og gnisningar mellom folk, og av arbeidet dei unge mennene har med å finne ut av kva dei sjølv vil i spenningsfeltet mellom det foreldra ventar av dei og det kameratane vil ha dei med på.

Og dermed er vi ganske tett på den typiske norske debutromanen likevel.

Tilbake i kvar si kiste

Det høyrer med til historia at de tre afghanistanfararane kjem tilbake i kvar si kiste. Eventyret fekk ein brå slutt, og slik blir dette også ein roman om kva sorg gjer med eit bygdesamfunn.

Dette teiknar Flatland med stor sans både for detaljen og nyansen. Det er godt gjort og som sagt lovande, men likevel kjennest det som ein mangel ved romanen at sjølve motivet for å dra til Afghanistan er såpass overflatisk teikna.

Det liknar til forveksling på reisedraumane dei fleste unge menneske har: Anten for å kome seg vekk heimefrå, eller for å kome seg til ein annan stad. Det som sit att etter lesinga av ”Bli hvis du kan. Reis hvis du må.” er først og inntrykket av oppvekst i bygde-Noreg.