Hopp til innhold

Fengslande festningsliv

Av og til veit ein slutten allereie før ein oppsøkjer verket. I ein film om «Titanic» er det rimeleg å vente på forliset. I ein roman frå Masada er også utgangen openberr, i alle fall om ein kjenner den dramatiske motstandshistoria frå år 73.

Alice Hoffman

Alice Hoffman har tatt utgangspunkt i ei sann historie i «Duevokterne».

Foto: Pax Forlag

Kort fortalt: Etter å ha innsett at kampen mot romarane var tapt, tok dei 960 jødane som hadde forskansa seg i Masadafestninga livet av kvarandre for å sleppe å hamne i klørne på den romerske okkupasjonsmakta. Masada har mytiske dimensjonar.

Fridommen hjå duene

Den amerikanske forfattaren Alice Hoffmans forfattarskap har i det siste nærma seg det mytiske og eventyrlege, og dette spelar med i den historiske vendinga i forfattarskapen som lesarane er vitne til i «Duevokterne».

Når Hoffman legg handlinga si til Masada er spørsmålet ikkje kva som skal skje, men korleis forfattaren skildrar livet på kanten av stupet, bokstavleg talt. Svaret er at dette har blitt ei svært fascinerande bok om ei ekstrem hending i verdshistoria.

Innanfor festningsmurane fanst eit heilt lite samfunn med både jordbruk og handverk, og altså duer. Hoffman gir ei gruppe kvinner ansvaret for duehuset. Her arbeider den vakre Shirah, populært kalla heksa frå Moab og dei to døtrene ho har med to ukjente fedrer, og her er den raudhåra Yael som blir hata av far sin fordi kona hans døydde i barsel då Yael blei fødd.

Gudinner og Gud

Duevokterne

Alice Hoffmann tar lesaren tilbake til år 70 e. Kr i 'Duevokterne'.

Foto: Pax Forlag

Hoffman teiknar dei med tjukke strekar. Ho har ikkje gått inn for å skape nyanserte og truverdige karakterar. I staden forklarer ho om levemåtar og trusførestillingar. Heksa frå Moab dyrkar kjærleiksgudinna Astarte i løynd, mens folk flest dyrkar den eine og sanne guden på jødisk vis. Som i praksis betyr: på svært mange ulike vis, ettersom essenarane går fullstendig opp i gudsdyrking og rituelle reinsingar, mens selotane meiner at her må ein sloss med våpen i hand. Det alle er samde om, er at romarane no er hovudfienden og at kvinnene må lyde mennene i familien. Men sidan mange menn er døde får duevaktarane høve til å utfordre både kvinnerolla og seg sjølv.

Det store bildet

Å leggje vekt på levevis og historie heller enn på psykologiske nærstudiar er eit godt val, på fleire måtar. Heilt grunnleggjande er det at Hoffman har sett seg grundig inn i sakene og greier å skape eit overtydande bilde av eit levesett.

Dessutan opnar denne forteljemåten for at ulike problemstillingar og tankemønster kjem til syne, der ein kan spore konfliktliner og følgje problem som har tydeleg overføringsverdi: Fundamentalisme eller realpolitikk? Pasifisme eller væpna kamp? Utreinsking av interne meiningsmotstandarar eller felles kamp mot hovudfienden? Går det an å tenkje på seg og sitt når historia er i ferd med å kollapse? Gjeld reglane når dommedag står for døra? Kan ein tru på ein Gud som set folket sitt på slike prøver? Finst det noko som er viktigare enn å berge livet? Slike spørsmål gjer romanen spennande på fleire nivå enn på det dramatiske handlingsplanet.

Tydelege sympatiar

At den ytre dramatikken rett som det er går over i melodrama må ein berre rekne med når historia er lagt til ei så ekstrem periode. Og melodramaet utspelar seg ikkje berre i kampen mellom jødar og romarar, men også innanfor murane ligg det store kontrastar, og vi skal ikkje vere i tvil om kven vi heiar på.

Hoffman konkurrerer med den nådelause sola om å kaste klart lys og mørke skuggar over folket i festninga: Vi heiar heilt på den kjærleiksdyrkande Shirah som står i kontakt med kvinnelege guddomar, og på dotter hennar som kler seg i mannskle og gjev seg sjølv ei større rolle som ho fyller med glans. Men essenarane med sine himmelvendte ritual, dei likar vi ikkje. Vi ser også med djup skepsis på andre rettruande som foraktar kvinner som sit inne med alternative og livreddande kunnskapar.

Det er altså ikkje nyansane ein skal søkje her. Hoffman har vore både meir underfundig og språkleg sterkare i tidlegare bøker. Men eg kan ikkje hugse å ha lese ei meir vesentleg bok av henne før.