Meld av Arnhild Skre
Torild Skard er ei av få norske politikarar og embetsmenn som har hatt topposisjonar internasjonalt, i UNESCO og UNICEF. Som Noregs første kvinnelege lagtingspresident og første kvinnelege ekspedisjonssjef i Departementet for utviklingshjelp, blei ho ein norsk likestillingspioner.
Når denne føregangspersonen også er ein merittert samfunnsforskar, er det kanskje ikkje overraskande at ho som 70-åring la i veg med eit forskingsprosjekt på verdas kvinner. Emnet ho valde seg, var alle kvinner i verda som har vore presidentar og statsministrar i 50-årsperioden 1960-2010. Skard ville finna ut kvifor dei blei toppkvinner, kva rolle kjønn har spela i karrieren deira. Og ho vil freista finna ut kva skilnad det har gjort at dei var og er kvinner. Dette siste er ei oppgåve som eg tenkjer må vera for diger, sjølv for ei Torild Skard.
- Les også:
Men nå ligg resultatet av arbeidet her: «Maktens kvinner». Ei bok på 500 sider som er retta mot vanleg interesserte lesarar. Ei zooming mellom store historiske sveip og detaljrike portrett av dei 73 statsleiarane ho finn. Eit spenn mellom Skards personlege møte med kvinneliv i verda, og regionale oppsummeringar med samandrag i fleire etappar til slutt.
Problemstillinga
Spørsmålet eg skal svara på der eg sit med dette tunge og innhaldsrike verket i fanget, er om Skard har fullført:
Får vi oversikt? Forstår vi meir? OG – ikkje minst: Har ho svara på spørsmålet om politikken desse kvinnene har skapt, skil seg frå den mannlege toppleiarar har ført og fører? Eit spørsmål som igjen reiser eit spørsmål eg ikkje kan sjå at Skard tek med i den omfattande problemstillinga si: Er det interessant nok å operera med kjønn som kategori når ein skal studera toppleiarar politikk og veg til makta? Vil ikkje andre forhold spela ei mykje sterkare rolle? Til dømes klasse, utdanning, forbindelsar, politisk orientering, for ikkje å snakka om personlege eigenskapar.
- Se innslag fra Dagsrevyen: Norges første kvinnelige statsminister
Men nok om mine spørsmål. Nå til kva Skard finn, og det er følgjande: Den første toppkvinna i verda (når vi ser bort frå kongelege) var Sirimavo Bandaranaike som blei statsminister på Sri Lanka i 1960. Etter henne kom Indira Gandhi som indisk statsminister i 1966. Golda Meir i Israel i 1969. I 1974 blei argentinske Isabel Peron verdas første kvinnelege president. Årets etter utnemnde diktatoren Bokassa Elisabeth Domitien til statsminister i Den sentralafrikanske republikk. Det er altså ikkje Europa eller Nord-Amerika som er føregangslanda her. Først i 1979 får vår verdsdel sin første kvinnelege statsleiar med Margaret Thatcher, men så følgjer mange raskt på. I Noreg fekk vi vår første kvinnelege statsminister, Gro Harlem Brundtland, i 1981. I den grad denne boka har ei heltinne, er det henne.
1960 blir med Bandaranaike eitt vendepunkt i historia om kvinnelege statsleiarar. 1990 blir det neste. Dei aller fleste kvinnelege toppleiarane i verda er komne til makta i dei to siste tiåra boka omhandlar. Berre Midt-Austen, Oseania og supermaktene Russland, Kina og USA peikar seg ut som statsgrupper med glastaket intakt. Å studera kva som framleis hindrar, er også eit interessant tema, men Skard fokuserer på land der dei kan visa til resultat.
Kva fører så kvinnene til makta? Her finn Skard ulike svar i ulike regionar: Familie og klasse i Asia. Uro og krav om politisk fornying i dei få auststatane som har hatt kvinner på toppen. I Latin-Amerika kjem toppkvinnene inn som sterke menns etterfølgjarar og gjerne utpekte arvtakarar. I Afrika kallar Skard toppkvinnene for «Mannemaktens assistenter». Berre i vestlege land finn Skard at dyktigheit, kunnskap og politisk erfaring har vore toppkvinnene sine viktigaste døropnarar til maktkontora.
Kvinneleg politikk?
Saman med minibiografiar av alle dei 73 statskvinnene, gjev desse regionale samandraga verdfull kunnskap som lesaren får etter vel 400 sider. Sjølv om detaljmengda kan bli i meste laget, er land- og toppkvinneportretta verkeleg rik lesnad.
Men så kjem det vanskelege spørsmålet som for Skard ser ut til å vera det viktigaste: Kva skilnad gjer det om toppleiaren er kvinne eller mann? Har toppkvinnene ført ein annleis politikk? Ikkje minst: Har dei endra livet for kvinner?
Til grunn for desse spørsmåla ser det ut til å liggja ei oppfatning av at kvinner og menn har ulike eigenskapar. For eksempel at kvinner er fredselskande og forsoningsskapande, medan menn er meir aggressive.
Mange har då også grunngjeve kampen for kvinner i politikken med at kvinner vil føra ein annleis politikk berre fordi dei er kvinner. I opninga av boka synest eg å spora slike haldningar hos Skard. At kvinner blei statsleiarar såg ikkje ut til vera eit gode i seg sjølv for den tidlegare SV-politikaren. Det såg ut som ho også kravde at kvinnene skulle gjera verda til ein betre stad, slik ho ser det.
Når vi kjem til konklusjonane, blir denne haldninga betrakteleg nyansert. Rett nok ser Skard ut til å meina at det er dei mannlege systema si skuld når toppkvinnene i liten grad gjer livet betre for andre kvinner. Ein argumentasjon som igjen skaper inntrykk av at ho meiner det finst ein spesielt ”kvinneleg” politikk. Men heilt klar er ho ikkje i dette for boka så viktige spørsmålet, synest eg. For ho ser til slutt ut til å komma til at ein knapt kan venta nokon ”kvinneleg” politikk av statskvinner. At andre forhold spelar ei sterkare rolle enn kjønn når politikken skal formast.
Meir demokrati
Den konklusjonen som då står klarast i dei omfattande og ikkje alltid like oversiktlege oppsummeringane Skard gjer, blir at fleire kvinnelege toppleiarar i seg sjølv fører til meir demokrati i verda. Ikkje fordi toppkvinnene var eller er spesielt demokratisk innstilte per se, men ved det faktum at kvinner har sloppe til i maktposisjonar.
Boka sluttar med ei tiltaksliste for meir demokrati, for sterkare politisk kvinnedeltaking i politikken. Den lista aukar sjangerblandinga som denne boka er full av. Biografiar, minisveip over fleire tiårs verds- og landutvikling, tabellar, grafar, sjølvbiografiske innslag, referering til litt for få andre forskingsarbeid, og altså, politisk tiltaksliste. Boka byr på imponerande mengder informasjon og store og frydefulle overblikk, men teksten hadde vunne på å bli knadd endå ein gong til etter at ein redaktør eller konsulent hadde peika på kvar her burde spissast i problemstillingsdelen og strammast og fokuserast i samandragskapitla.
Dei 73 statskvinnene vi blir kjende med i boka ”Maktens kvinner” er openbart svært, svært ulike. Men dei har eitt fellestrekk: Dei er rollemodellar. Dei signaliserer for all verda at kvinner kan og har rett til å delta i samfunnsforminga på lik linje med menn.
Det signalet trur eg blir den viktigaste og kanskje einaste likskapen mellom Skards toppkvinner, og den viktigaste funksjonen ved denne boka: Eit synleggjeringsprosjekt for større demokrati.