Hopp til innhold

Mindre stjernespekka Nobelfest i år

Dei siste åra har Barack Obama og EU syte for at prominente personar har tatt vegen til Oslo under den årlege prisutdelinga i desember. I år er sjansane mindre for at det vert like stjernespekka.

NORWAY-US-NOBEL-OBAMA NORWAY-US-NOBEL-OBAMA

Tryggingstiltaka var mange då Barack Obama og hans kone Michelle vitja komiteleiar Thorbjørn Jagland i 2009 for å ta imot sin litt overraskande fredspris.

Foto: JEWEL SAMAD / AFP

Nobelprisutdelinga er ei årleg hending som heile verda er opptekne av, og dei siste åra har sjølve utdelingsseremonien tiltrekt seg store og velkjende namn.

Då Barack Obama skulle ta imot sin pris i 2009 måtte 2.500 politifolk kome frå heile landet for å hjelpe til med å sikra byen, og det vart mellom anna nytta helikopter for å halde kontroll på eventuelle uromoment som kunne truga den amerikanske presidenten. Prislappen vart på 74 millionar kroner.

Også i fjor, då statsleiarar frå heile Europa kom til Oslo for å sjå at EU tok imot fredsprisen, var tryggingstiltaka mange og omfattande.

(Saka held fram under biletet)

NOBEL-EU/ EU leaders pose for a family picture prior to a working lunch hosted by Norway's Prime Minister for the Nobel Peace Prize Award Ceremony in Oslo

Det var ikkje reint få statsleiarar som var på lunsj hos Jens Stoltenberg under fjorårets nobelprisutdeling.

Foto: POOL / Reuters

Inviterer ikkje USA og Russland

Årets fredsprisvinnar, OPCW, har vore ei viktig brikke i Russland og USA sitt diplomatiske spel for å finne ei fredeleg løysing i Syria. Å invitere statsleiarar frå desse to landa til utdelinga i Oslo ville vore av stor symbolverdi, men direktør for det norske nobelinstituttet, Geir Lundestad, kjem ikkje til å ta eit slikt initiativ.

– Me kjem ikkje til å invitere leiarar frå Russland og USA. Me vil ikkje gjere noko som overskyggar prisvinnaren. Men om OPCW ønskjer at desse skal bli invitert, så skal me sende ut ein invitasjon. Det er organisasjonen sjølv som utformar gjestelista, seier Lundestad.

Lundestad fortel at prisvinnarane ofte ikkje ønskjer å invitere veldig profilerte namn i fare for at det skal ta fokus bort frå det arbeidet som vinnaren sjølv gjer. I år ventar han at det er generalsekretær i OPCW, Ahmet Uzumcu, som kjem til å ha den mest sentrale rolle under utdelinga i desember.

Fristen er 15. november

OPCW er ein underorganisasjon av FN, men om Ban Ki-Moon, FN sin generalsekretær, kjem, det veit heller ikkje Lundestad noko om endå.

– Det bestemmer ikkje me. OPCW sender oss ei liste, også inviterer me dei som står på den lista, seier nobelinstituttleiaren, og legg til at dei sedvanlege gjestane nok kjem til å vere til stades i år også.

Om det vert profilerte besøk til Oslo også i år vil Lundestad vite seinast den 15. november, som er siste frist for OPCW å levere ei gjesteliste.