Hopp til innhold

Malala krev forbod mot barneekteskap

– Utdanning for jenter er viktig. Barneekteskap er ei av hovudårsakene til at jenter ikkje får utdanning, seier fredsprisvinnar Malala Yousafzai.

Videointervju med Malala

VIDEO: Fredsprisvinnar vil forby barneekteskap.

Malala Yousafzai blir trist når ho høyrer om jenter som blir mødrer som 14-, 15- eller 16-åringar.

– Dei er framleis berre born. Det er trist å sjå born som får born. Dette er vanleg mange stader, også i mitt land. Det er trist at dette hindrar dei å bli det dei ynskjer, seier ho i eit intervju med hjelpeorganisasjonen Plan.

– Barneekteskap må stansast

Malala peikar på at jenter som blir tvungne til ekteskap i ung alder, er ei av dei viktigaste årsakene til at jenter ikkje får det livet dei har drøymt om.

– Dei kan ikkje bli legar, lærarar eller noko anna dei har drøymt om. Min bodskap er at alle barneekteskap må stansast.

Det er rundt to år sidan at den då 14 år gamle Malala Yousafzai vart skoten av Taliban. Jenta frå Swat-dalen nær grensa til Afghanistan har vore ein ivrig forkjempar for at jenter skal få utdanning. Dette vart ikkje sett på med blide auge av den islamistiske organisasjonen Taliban, som opererer både i Pakistan og i Afghanistan.

LES OGSÅ: Taliban fordømmer Malala-fredspris

Sterke reaksjonar

Drapsforsøket førte til sterke reaksjonar frå heile verda, og Malala har blitt eit kraftfullt symbol for jenter sin rett til utdanning. Støttegrupper på Facebook og andre sosiale medium på Internett fekk raskt stor oppslutning, og etter attentatet var det arrangert mange støttedemonstrasjonar.

Malala vart teken til Dronning Elizabeth-sjukehuset i Birmingham i Storbritannia for å bli operert, og sidan har ho budd i Storbritannia med familien.

I løpet av dei to åra som har gått sidan drapsforsøket har Malala fått ein stadig sterkare posisjon internasjonalt. Ho har vorte eit symbol for alle som kjempar mot organisasjonar som Taliban, som meiner at jenter ikkje treng å gå på skule. Dette fordi oppgåva deira er å føde born.