Hopp til innhold

Ein av fire 22. juli-offer frå R-kvartalet har psykiske vanskar

Ein av fire slit psykisk etter å ha jobba i regjeringkvartalet då bomba eksploderte den 22. juli 2011, viser ein ny studie. Sissel Vestli er ein av dei som framleis har terroren i kroppen.

Skadde hjelpes på Einar Gerhardsens plass

25 prosent av dei som var på jobb i regjeringskvartalet då terroren råka, slit med psykiske vanskar i kvardagen. Det viser ei undersøking utført av Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS).

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Sissel Vestli

Sissel Vestli stod i 12. etasje i høgblokka då det small. Mannen Vidar stod 30 meter frå bomba. Eg er redd for nye terroråtak, seier ho.

Foto: Axel Wilhelm Due / NRK

– Eg veit kven eg var før 22. juli. Eg blir aldri den igjen, seier Sissel Vestli, medan ho kikkar på bilete av seg og den blodige mannen sin frå minuttane etter at bomba small.

Ho var på jobb i Justisdepartementet 22. juli. Arbeidsdagen gjekk mot slutten og mannen stod utanfor, 30 meter unna bombebilen, og venta på kona si.

Så small det.

Frå og med den dagen var Vestli både pårørande til sin livstrugande såra ektemann, samstundes som ho sjølv var offer for drapsforsøk. Ho er ein av dei 25 prosentane som slit med sterke psykiske plager etter terroren.

– Eg ser kvar dag bilar som er akkurat slik som bombebilen. Eg kan ikkje køyra bak kvite varebilar og er redd for nye terroråtak, fortel ho.

Sissel Vestli fortel om livet etter 22. juli i ein reportasje i Ukeslutt 16. februar 2013.

– Ein av fire er eit høgt tal

Onsdag denne veka gjekk terroralarmen på ny. Igjen blei Stortinget sikra av politi med våpen. Mange blei redde og det gjekk eit grøss nedover ryggen på fleire av dei som var direkte råka av terroren 22. juli.

Lenge etter det verste åtaket på norsk jord sidan Den andre verskrigen er det nemleg mange av dei som var direkte mål for terroren som framleis er plaga med angst, frykt og mareritt.

Det syner ei pågåande undersøking som Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS) gjennomfører.

– Ein av fire har plagar som kvalifiserer som ei form for psykisk liding. Det er rekna som høgt, også innanfor katastrofefeltet. Dei er blitt meir utrygge og tenkjer at dette kan skje igjen. Nokre er rede for å vera på jobb, andre er grunnleggjande rede, også i andre samanhengar, seier psykiater Trond Heir som jobbar med kriser, ulukker og katastrofar for NKVTS.

NKVTS har fått i oppdrag av Helsedirektoratet å undersøkja korleis dei tilsette i Regjeringskvartalet har det etter bombeåtaket. Forskingsprosjektet skal avsluttast i 2015 og baserer seg på datainnsamling gjort på to ulike tidspunkt etter terroren.

Det er informasjonen frå den første innsamlinga som no er analysert.

Bombeeksplosjon i Regjeringskvartalet

Mange som var direkte mål for terroren 22. juli har vanskeleg for å viska ut dei grufulle bileta.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Bileta som aldri forsvinn

Åtte menneske vart drepne då bombebilen eksploderte ved inngangen til høgblokka i regjeringskvartalet. Minst 250 menneske var på jobb i bygget.

Sissel Vestli og mannen Vidar Vestli blei fotograferte av ein svensk frilansfotograf få minutt etter at bomba small. Fotografiet blei kåra til Årets bilete i Sverige i 2012.

Sissel har på seg ein lyseblå dress og i fanget ligg mannen Vidar. Frå andletet hans renn det blod. Kleda på overkroppen er rivne opp. Nevane er samanknytte og nedst i høgre hjørne,under foten som Vidar seinare måtte amputera, har det samla seg ein mørk dam av blod.

(Saka held fram under biletet)

Sissel Vestli var på jobb i Justisdepartementet 22. juli

Blod, frykt og kaos pregar bilete som ein svensk frilanskfotograf tok av Sissel Vestli og mannen hennar få minutt etter bombeeksplosjonen i regjeringksvartalet. Ho er ein av mange som halvanna år etter har psykiske vanskar.

Foto: Axel Wilhelm Due / NRK

– Eg hadde jo kontor ut mot Akersgata, så vindauget kom inn. Då følte eg alt berre lukka seg heilt nedi meg, det gjekk rett nedi magen faktisk. Eg høyrde brannalarmen, det var støvete og lukta svidd. Eg hadde berre ein tanke, eg måtte ned til mannen min.

No jobbar Sissel tre gonger i veka på eit lite kontor som ho delar med ein annan person.

Kvardagen er tung. Tida som skulle ha gått med til bearbeiding har gått til å fylla ut skjema frå staten og til å støtta mannen sin som no er ufør. Redsla har ho med seg i ryggmargen kvar enn ho går.

– Eg kan plutseleg få ei kjensle av å vera utrygg. Særleg om eg er i nærleiken av eit viktig bygg. Eg se reint strategisk at her kan det skje noko.

Faremo: – Me har lært å ta vare på kvarandre

Grete Faremo

Justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap) seier sjukefråveret i Justisdepartementet er på veg ned.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Historia til Sissel Vestli gjer inntrykk på sjefen hennar, Justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap).

Trass i ny forskning som viser at ein av fire som var arbeid i regjeringskvartalet 22. juli har psykiske vanskar, meiner statsråden at Justisdepartementet er ein triveleg arbeidsplass som tek godt vare på sine tilsette.

– Me har lært å ta vare på kvarandre om mogleg enda betre enn før. både gjennom eit profesjonelt tilbod, men også ved å visa omsorg for kvarandre. Eg er glad for at me ser at sjukefråveret i departementet no går ned igjen, seier Faremo i NRK P2-programmet Ukeslutt.

Så det er ikkje behov for fleire tiltak slik du ser det i dag?

– Eg tykkjer det er viktig at me følgjer dette nøye og løpande. Me må ha eit godt tilbod til dei som treng det, uttalar Faremo

Terrorangrep mot regjeringskvartalet 22.7.11.

Minst 250 personar var på jobb inne i høgblokka då terroren råka.

Foto: NRK

AKTUELT NÅ