Hopp til innhold

Bøndene fryktar matmangel i Noreg

Norske bønder fryktar matmangel i Noreg som følgje av klimakrise og politisk uro i utlandet. Torsdag samlar dei fagfolk til debatt.

Sauer

I fjor hadde Noreg den lågaste sjølvforsyningsgraden på fleire tiår. Samstundes blir det produsert mindre og mindre mat på den globale matmarknaden. No ber bøndene regjeringa om budsjettpengar til ei sårbarheitsanalyse.

Foto: Linn Løkken / NRK

Det er ikkje lenger utenkeleg at klimaendringar og politisk uro kan råka norske matfat, meiner Norsk Landbrukssamvirke, ein interesseorganisasjon for samvirkebedrifter i landbruket.

Torsdag inviterer Norsk Landbrukssamvirke og Forsvaret sitt forskningsinstitutt (FFI) til ein heildagskonferanse om temaet - norsk matproduksjon og matforsyning.

Bøndene er uroa

Ifølgje FN sitt Klimapanel vil etterspurnaden etter mat stiga med 14 prosent kvart tiande år framover. Samstundes vil matproduksjonen søkkja med to prosent.

I fjor hadde Noreg den lågaste sjølvforsyningsgraden på fleire tiår. Under 40 prosent av matforbruket i 2013 var basert på norske råvarer, syner tal frå Helsedirektoratet.

Bøndene er uroa, fortel fagsjefen for næringspolitikk, Åge Klepp.

– Ja, me ser iallefall at sjølvforsyninga i Noreg har gått ned og me blir stadig meir importavhengige. Samstundes ser me at det skjer ting i verda som kan gjera oss sårbare over tid, seier Klepp.

Han viser til ein spent tryggingspolitisk situasjon både i Midtausten og i Europa.

– I Finland har det offentlege ordskiftet rundt landbruk og sjølvforsyning vore langt meir prega av uro på grunn av utviklinga i Russland, fortel Klepp.

Klimaforskar støttar bøndene

Tore Furevik

Tore Furevik er direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking og held føredrag om korleis klimaendringane påverkar matproduksjonen under konferansen hos FFI torsdag.

Foto: Arkivfoto: UiB

Arrangørane av torsdagens konferanse håpar å få liv i matdebatten i Noreg gjennom ein brei fagleg diskusjon. Blant føredragshaldarane er den anerkjende britiske matpolitikk-professoren Tim Lang, FFI-forskar og tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen og leiaren av Bjerknessenteret for klimaforsking, Tore Furevik.

Furevik forstår godt at bøndene engstar seg over utviklinga.

– Det er eit paradoks at ein legg ned norsk matjord samstundes som at folkesetnaden veks og kloden får eit stadig større behov for matvareproduksjon i Noreg og Nord-Europa, meiner professoren.

Klimaendringar fører nemleg til tørke og dårlegare vilkår for matproduksjon i område som tradisjonelt har hatt gode dyrkingsforhold, som Sør-Europa, USA, delar av Asia, Australia, Sør-Afrika og Sør-Amerika. Samstundes blir det mildare klima og lengre vekstsesongar i Nord-Europa.

– Etisk dilemma ved norsk import

Forsvarssjef Sverre Diesen

Tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen er no forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI). Han fryktar ikkje at Noreg skal bli råka av matmangel.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Særleg Noreg vil kunne produsera meir mat enn tidlegare som følgje av klimaendringane, både på land og i havet, fortel Furevik.

Han påpeikar at det ligg eit etisk dilemma i at Noreg reduserer matproduksjonen til fordel for import.

– Matvareproduksjonen er globalisert så prisane stig i takt med etterspurnaden. Så lenge me er eit rikt land vil me truleg ha råd til å importera, men det går ut over fattigare land med dårlegare vilkår for å klara aukande matvareprisar. Jo meir mat me kjøper, jo mindre blir det igjen til andre. Dei fattige blir taparane, forklarar Furevik ved Bjerknessenteret.

FFI-forskar Sverre Diesen trur ikkje nordmenn treng å frykta for matfatet sitt.

– Nei, det er ikkje noko me engstar oss over i FFI. Matmangel kan utløysa konflikter, migrasjon og ulike situasjonar rundt om i verda. Det kan påverka det store tryggingspolitiske biletet, men ikkje norske forhold spesielt, meiner Diesen.

Etterlyser pengar frå regjeringa

Diesen forskar på kva konsekvensar ulike globale trendar har for forsvar og tryggleik.

– Me ønskjer som forskingsinstitusjon å kasta lys over dette spørsmålet frå ulike sider og landbruket er ein del av det, seier Diesen.

Norsk Landbrukssamvirke etterlyser handlekraft frå regjeringa og krev midlar til ein analyse av matberedskap og sårbarheit over statsbudsjettet for 2015.

– Sett oppimot kor store utfordringar kan få på området, er dei millionane me ber om ganske små summar. Me har ikkje fått signal om at dette ligg inne i budsjett, men me meiner det er viktig å prioritera ei kartlegging av kor sårbar matvaresituasjonen i Noreg er, seier fagsjef Åge Klepp.

NRK har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. Ho har tidlegare vist til at regjeringa sitt mål er å oppnå høgast mogleg sjølvforsyningsgrad ut frå eit beredskapsomsyn.

AKTUELT NÅ